Hopp til innhold

Han som overlevde er tiltalt for aktlaust drap

Det er framleis uklart kven som køyrde bilen under dødsulukka på øya Longva i Møre og Romsdal i fjor sommar. Likevel er han som overlevde ulukka no tiltalt for aktlaust drap.

Dødsulykke på Longva i Haram

Ulukka skjedde natt til 6. juni 2010 på vegen like ved skulen på Longva i Møre og Romsdal.

Foto: Sigrun Rogne

Ein 18 år gamal mann omkom i ulukka, som skjedde i fjor sommar. Det var også ein 19-åring i bilen. Men det er uklart kven som køyrde. Sjølv om ingen klart kan seie kven som sat i førarsetet er det altså teke ut tiltale mot 19-åringen som overlevde.

– Vi meiner vilkåra for straffeskuld er til stades, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad til NRK.

Alternativ i tiltalen

I tiltalen tek påtalemakta høgde for at 19-åringen enten køyrde bilen eller let 18-åringen som seinare omkom køyre. Ifølgje tiltalen hadde begge drukke alkohol.

– Påtalemakta meiner det ligg føre prov slik at ein skal kunne fastslå kven som køyrde bilen. Men så har vi likevel teke opp i tiltalen, i tilfelle det skulle vere tvil i retten, eit alternativ der ein kan domfelle tiltalte for å ha overlatt bilen til ein annan person, seier Ferstad.

Førebudd på rettsleg etterspel

Det var natt til 6. juni i fjor at dødsulykka skjedde på Longva i Haram. Føraren skal ifølge tiltalen ha hatt høg fart då han fekk skrens, mista kontrollen over bilen og trefte eit busskur.

– Han tykkjer det som hende er tragisk. Han er førebudd på at dette får eit strafferettsleg etterspel, seier advokaten til 19-åringen, Joar Berg Henjum.

– Kva er din kommentar til at det er uklart kven som køyrde bilen?

Han ønskjer å ta ansvar for det han kan ta ansvar for. Han har sjølv ikkje noka klar oppfatning av kven som køyrde bilen, seier Henjum.