Hopp til innhold

Utforkøyring i Ulsteinvik

Mann sendt til legesjekk etter å ha hamna i grøfta i Ulsteinvik

Trafikkulykke Ulsteinvik

Bilen hamna først på sida, men vart bikka over av brannvesenet

Foto: Tom Henrik Muggerud

Ein mann i 40-åra køyrde utfor vegen og inn i eit tre i Johannesbakken i Ulsteinvik like før klokka 18.00 i kveld.

Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut.

Mannen vart sendt til legevakta i Hareid for sjekk, og bilen vert taua vekk frå staden.

Årsaka til utforkøyringa er uklar, og politiet vil etterforske saka.