Hopp til innhold

- Bjørnson ville engasjert seg sterkt

Maria Amelie er invitert til årets Bjørnson-festival i Molde i haust. Bjørnson-biograf Edvard Hoem er sikker på Bjørnstjerne Bjørnson ville engasjert seg sterkt i saka til den papirlause asylsøkjaren.

Edvard Hoems roman Mors og fars historie er solgt for

Edvard Hoem skammar seg over Noregs behandling av Maria Amelie.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Her blir Maria Amelie pågrepet

Denne veka vart Amelie pågripen av politiet på Lillehammer og plassert på Tranum transittmottak

Foto: NRK

Silje Engeness

Silje Engeness er festivalsjef for Bjørnsonfestivalen. Ho vil gjere alt for at Maria Amelie kan kome til Molde i haust.

Foto: Bjørnsonfestivalen
Bjørnstjerne Bjørnson

Edvard Hoem er sikker på at Bjørnstjerne Bjørnson ville engasjert seg sterkt i saka til Maria Amelie.

Foto: / Scanpix
Maria Amelie

Maria Amelie er invitert til Bjørnsonfestivalen i haust.

Foto: NRK
– Eg er ikkje glad for å vere nordmann etter dette, seier Edvard Hoem til NRK.

Gjer alt for å få Amelie til Molde

Også festivalsjefen for Bjørsonfestivalen, Silje Engeness, reagerer sterkt på behandlinga av Maria Amelie.

Engeness seier Amelie vart svært glad då ho vart invitert til årets festival.

– Ho syntes det var ei ære, og ho kjente godt til festivalen og det Bjørnson sto for.

Amelie skulle vere folketalar og snakke om boka si på festivalen. No er det usikkert kva som skjer, sidan styremaktene har bestemt at Amelie må forlate landet innan to veker.

– Det er vanskeleg å seie om det lar seg gjere, men vi vil gjere alt vi kan for å få henne til Molde, seier festivalsjef Silje Engeness.

- I Bjørnsons ånd

Bjørnson-biograf Edvard Hoem seier han skammar seg over Noreg, og han håper sterkt Amelie kjem til Molde i haust.

- Er det nokon som burde bli invitert, er det folk som henne. Det er verkeleg i tråd med festivalens ånd og Bjørnsons ånd, seier Hoem.

Han er ikkje nådig i kritikken av styremaktene i denne saka.

– Vi gir oss ut for å vere ein stat der godt skjønn og demokratiske rettar er fundamentale prinsipp. Så eit menneske som kom hit som mindreårig - utan skyld i ulovleg innvandring - behandla på denne måten.

- Folk må vakne

Edvard Hoem er sikker på at Bjørnstjerne Bjørnson ville engasjert seg sterkt om han var i live.

– Hans viktigaste program var å få folk til å vakne. Eg håper at denne saka kan føre til at det norske folk vaknar og ser kva politikk vi har på dette området.

Sjå Edvard Hoem sin kritiske appell:

Video Kritisk appell fra Edvard Hoem

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL