Hopp til innhold

Rapporterer ikkje innvandrar-ulukker

Arbeidsulukker der innvandrarar er innblanda blir underrapporterte. Det slår Arbeidstilsynet fast.

Arbeider - bygningsarbeider

Mange arbeidsulukker med innvandrarar blir ikkje rapporterte.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Fellesforbundet opplyser at dei har sett dette problemet lenge. Og no blir dette stadfesta av Arbeidstilsynet.

– Her, som i alle statistikkar, fins det underrapportering. Her er mørketal i forhold til å få fram eit tydeleg og klart ulukkesbilete, seier regiondirektør Arne Magne Feragen i Arbeidstilsynet.

Kva trur du er årsaka til det?

– Det er vanskeleg å seie. Det kan vere mangel på kunnskap om korleis dei skal rapportere. Noko kan bli borte på vegen, seier Feragen.

Har sett problemet lenge

Heine Nilsen i Fellesforbundet seier til NRK at dei har sett at dette har vore eit problem lenge.

– Vi har sett dette i «alle år» frå den store arbeidsinnvandringa kom tidleg på 2000-talet. For oss er dette ikkje nytt. Vi har heile tida informert om kva problem enkeltindivid kan få i forhold til yrkesskadeproblematikk, seier Nilsen.

Har du opplevd ei ulukke på arbeidsplassen? Meld frå til Arbeidstilsynet her.

– Kan føre til store problem

Dei som blir skadde, utan at dette blir rapportert, kan få store vanskar. Det kan mellom anna bli vanskeleg å få yrkesskadeerstatning.

– Dersom arbeidsgjevaren ikkje har registrert skaden, og dei skal søkje erstatning i ettertid, er det lite dokumentasjon på at skaden faktisk har skjedd, påpeikar Nilsen.

Kulturforskjelar

Ei utfordring kan vere at nokre av utlendingane har vanskar med å forhalde seg til det norske systemet. Det kan også ligge kulturforskjellar bak, seier Nilsen.

– La oss seie du er frå Polen, og kjem hit utan å kjenne regelverket. Då tenkjer du gjerne ikkje på registrering av ein skade på same måte som ein norsk arbeidstakar ville ha tenkt, seier Nilsen. Dei er frå ein annan kultur, og vil kanskje ikkje fortelje om skaden. For dei blir det gjerne viktig å framstå som frisk utan at dei nødvendigvis er det, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL