Hopp til innhold

- Det pregar oss alle

Den vesle kommunen Stordal er i sjokk etter at ein liten gut vart funnen sterkt nedkjølt utanfor heimen sin.

Video Gut forfrosen i Stordal

VIDEO: Guten vart funnen forfrosen ved heimen sin i Stordal onsdag ettermiddag.

Ein gut på eitt og eit halvt år vart funnen kraftig nedkjølt utanfor heimen sin i Stordal på Sunnmøre onsdag ettermiddag.

Han har fått alvorlege skadar, men tilstanden skal no vere stabil.

Les:

- Det gjer eit veldig inntrykk

Den vesle bygda Stordal er sterkt prega av ulukka.

Rådmann Lars Joranger i Stordal kommune

Rådmann Lars Joranger seier at heile kommunen er prega av hendinga.

Foto: Arild Pettersen / NRK

- Det gjer eit veldig inntrykk, og det er veldig mange som gjerne vil hjelpe og gjere det beste ut av situasjonen, seier rådmann i Stordal Lars Joranger.

Alle kjenner alle i Stordal, den vesle tettstaden med 1030 innbyggjarar. No ventar dei på godt nytt om tilstanden til ein av sine aller minste.

I går ettermiddag vart ein gut på eitt og eit halvt år funnen sterkt nedkjølt og livlaus utanfor heimen sin. Guten har truleg kome seg ut på eiga hand. Han vart sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim med alvorlege skadar, men tilstanden skal no vere stabil.

Rådmann Lars Joranger fortel at bygda er svært prega av hendinga.

- Alle er involverte på ein eller annan måte. Det er ikkje nokon i Stordal som på nokon måte kan seie at dei ikkje kjenner eller har nokon relasjon til familien, så det er klart at dette gjer veldig inntrykk på ei lita bygd.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Foreldra og nær familie er samla i Trondheim, men mange slektningar er att i Stordal. Spørsmål om kva som hende og korleis det går kjem stadig. Kommuneoverlege SIndre Klokk seier dei gjer det dei kan for å yte omsorg til dei pårørande.

Sindre Klokk

Sindre Klokk er kommuneoverlege i Stordal.

Foto: Arild Pettersen / NRK
Politiadvokat Yngve Skovly ved Sunnmøre politidistrikt

Politiadvokat Yngve Skovly ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Arild Pettersen / NRK

- Vi har vore i kontakt med familien og har følgd dei opp. Dei tek vare på kvarandre, og vi har tilbode oss å hjelpe til dersom det skal vere behov for det, så vil vi halde kontakta med familien framover.

Politiet vil etterforske

AMK gjorde det tidleg klart at dei ikkje vurderte dette som ei politisak eller omsorgssvikt. Politiet på Sunnmøre vil likevel etterforske saka, seier politiadvokat Yngve Skovly.

- Vi registrerer utspelet frå AMK om at dette er ei helsesak, men i eit slikt tilfelle der eit lita barn vert funne ute i kulda er det klart at politiet på eige initiativ må forvisse seg om at det ikkje har skjedd noko straffbart i denne saka. Det er ingen grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt, men det at det kjem eit utspel frå AMK er ikkje tilstrekkjeleg for at vi skal la vere å sjå på saka.

Overlege Klokk seier sjølv at dei helsetilsette i kommunen har vore sterkt prega av hendinga.

- Det er klart dette gjer eit sterkt inntrykk. Når det er små barn som vert sjuke set det djupe spor.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL