Hopp til innhold

Kritisk for gut (1½)

Tilstanden er kritisk for ein halvanna år gamal gut etter at han blei funnen livlaus ute i kulda i Stordal på Sunnmøre.

Gut funnen livlaus i Stordal

Ein gut på eitt og eit halvt år vart funnen sterkt nedkjølt og livlaus i Stordal onsdag ettermiddag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Guten blei funnen forfrosen og livlaus utanfor heimen sin i Stordal på Sunnmøre onsdag ettermiddag.

Ifølgje TV2 Nyhetene fekk AMK-sentralen i Ålesund melding om hendinga rundt klokka 16.30. Det blei då sendt ut ambulansehelikopter og guten blei frakta til St.Olav i Trondheim.

Tilstanden er kritisk og skadane svært alvorlege. Det opplyser sjukehuset i ei pressemelding klokka 19.30 onsdag kveld.

Sendt til St.Olavs

Vakthavande lege, William Indrevåg i Stordal kommune, seier til NRK at då han kom til staden var guten sterkt nedkjølt.

- Eg kom dit etter at ambulansehelikopteret hadde landa. Det var då mistanke om at guten hadde fått hjartestans. Etter berre to kompresjonar byrja hjartet å slå.

- Guten blei flogen med helikopter først mot Ålesund, så snudde dei og drog til St.Olav, fortel Indrevåg.

Der får han behandling på intensiv avdeling.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sjukehuset opplyser også at guten sine pårørane er varsla. Ifølgje adressa.no er foreldra hans saman med han på sjukehuset.

Det er kaldt i Stordal i kveld. Temperaturen klokka 19.30 var 9 minusgrader, ifølgje yr.no .

Politiet på Sunnmøre seier at dette ikkje er noko politisak.

- Vi har blitt forsikra frå AMK-sentralen om at dette ikkje er noko sak for politiet. Vi forheld oss til det og håper dei vurderer rett når dei seier at dette er ei rein medisinsk sak, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt til NTB.

- Vi er tett på dei næraste

Krisegruppa i Stordal blei varsla onsdag kveld.

- Krisegruppa har vore samla og helsepersonell frå kommunen har vore i kontakt med familien i Stordal, seier rådmann Lars Joranger til NRK.

Tidlegare i dag vart ei 49 år gamal kvinnen ble funnen sterkt nedkjølt på trappa utanfor boligen sin i Horten.