Hopp til innhold

Har rovdyr spist sauene dine? Søk erstatning i dag

Er du bonde og har mista sauer på fjellet? Då er det ein viktig søknadsfrist som går ut i dag, særleg om du har mistanke om at det er rovdyr som har teke sauene dine.

Sau kadaver

Jerv har teke mykje sau i Møre og Romsdal dette året. Nokre av angrepa har kome i område der det ikkje har vore registrert skadar før.

Foto: Lars Erling Koksvik, Tingvoll kommune

I dag går fristen ut for å søkje erstatning for tap av sau drepe av freda rovdyr. I fjor fekk 104 bønder erstatning. Til no i år har berre halvparten så mange søkt.

Alexander Connor

Alexander Connor i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det kjem nok ein del fleire søknader enn det vi har vore vane til. Vi ventar søknader frå Rauma, Tingvoll og Vestnes frå område der vi ikkje har hatt skadar før. Det har også vore eit stort sauetap i Trollheimen, så det vil nok kome mange søkander ut i veka, seier rådgjevar Alexander Connor hos Fylkesmannen.

Erstatning til halvparten

I fjor leverte sauebøndene krav om erstatning for nesten 2600 sauer og lam som dei meinte var tekne av freda rovdyr. Men det blei utbetalt erstatning for berre vel halvparten av desse. Seinare i veka får vi vite kor mange som krev erstatning og kor mange sauer dei reknar med er tekne av freda rovdyr.

– Bøndene er framleis ute og leitar, og legg stor innsats i å finne dei siste dyra. Dei finn både kadaver og sauer som er i live. Det er klart at det kjem eit trykk no dei siste dagane, seier Connor.

Jerven - den store sauedreparen

I område der det har vore jakt på jerv har det i år vore langt færre tap av sau. Men dframleis er det jerven som er den store sauedreparen i Møre og Romsdal. I år er det ikkje rapportert om bjørn og ulv i fylket som har teke sau.

– Det er jerven som tek sau i Møre og Romsdal. Vi har nokre indikasjonar på nokre gaupe-skadar. Men det er jerven som er verst her hos oss, seier Connor.