Hopp til innhold

Fotballjobb vanskelig å oppdrive

Mange fotballspelarar står for tida utan kontrakt, og arbeidsmarknaden er vanskeleg. Lars Ivar Moldskred frå Tjørvåg i Herøy har spelt eliteseriefotball for Molde, Lillestrøm og Strømsgodset. Etter eit kort opphald på Island er han tilbake i heimlandet på jakt etter ny jobb.

Video Kontraktlause fotballspelarar på jobbjakt

Lars Ivar Moldskred

Lars Ivar Moldskred jobbar i familiebedrifta mens han ser etter ny keeper-jobb

Foto: Arne Flatin / NRK

Lars Ivar Moldskred leitar etter arbeid - helst i ein norsk eliteserieklubb. Medan agentane gjer grovarbeidet er Moldskred i full gang i familiebedrifta heime i Tjørvåg. Og framtidsutsiktene er ikkje gode seier 31-åringen.

- Det ser veldig mørkt ut fordi økonomien i norsk toppfotball opererer med blodraude tal og kutt i alle retningar.

Moldskred er langt frå åleine som Bosman-spelarar og spelarorganisasjonen NISO skal 14.januar arrangere ei turnering for desse spelarane i Valhall i Oslo der dei skal få vise seg fram.

Moldskred har hatt ein del tøffe kampar i karrieren og som keeper er det ekstra vanskeleg å skaffe seg ny kontrakt.

- Det er ikkje så mange plassar det er snakk om og dei fleste klubbane har kontraktar med sine keeperar.

Solskjær igjen høyaktuell som trener for Molde fotballklubb

Johan Arneng topper lønsstatistikken

Frode Gjerde

Frode Gjerde har tru på at kompisen får ny keeperjobb

Foto: Arne Flatin / NRK

Karrieren starta på idrettsplassen heime i Tjørvåg. Treningskamerat Frode Gjerde trur at det kan verte ei opning for kompisen i overgangsvindauget i januar.

- Det som er vansken i toppidretten er at utøvarane blir behandla litt inn og ut, så det vi veit i dag kan vere heilt annerleis den 1. januar. Så vi har ikkje gitt opp håpet.