Hopp til innhold

Tok saka i eigne hender

19 år gamle Henrik Roppen syns brannvesenet brukte for lang tid. Søndag morgon sløkte han sjølv brannen utanfor legekontoret i Ulsteinvik.

Brann ved legekontoret i Ulsteinvik
Foto: Henrik Roppen

19-åringen var på veg heim frå fest då han tilfeldig høyrde knitring og såg flammar frå bygget som mellom anna husar NAV, legekontoret, butikkar og leiligheiter i Ulsteinvik sentrum. Ein av drosjesjåførane i området henta eit brannsløkkingsapparat, og med det som våpen gjekk Henrik Roppen flammane i møte.

Tømte brannsløkkingsapparat

Henrik Roppen

Henrik Roppen syns det gjekk for lenge før brannvesenet kom, og tok saka i eigne hender.

Foto: privat

- Eg syns det gjekk så lang tid før brannvesenet fekk gjort noko, at eg tok saka i eigne hender. Med eit brannsløkkingsapparat fekk eg dempa brannen, seier Henrik Roppen.

Brannen starta ifølgje Roppen ved inngangspartiet til huset. Ein utadørs korridør tvers gjennom underetasjen sikrar kundar og bebuarar tilgang til bygget.

Flammar i taket

- Det låg ein del papir og papp i undergangen, og dette hadde tatt fyr. Etterkvart sto flammane heilt i taket, seier Roppen. Han fortel at den blå papirdunken like ved etterkvart smelta av varmen.

- Eg trur dette kunne utvikla seg ganske heftig, det var litt skummelt, seier 19-åringen. I ettertid fekk han og kameratane ros av brannvesenet.

Ros frå brannvesenet

Brannsjef Elling Indresøvde i Ulstein kom sjølv til staden i det 19-åringen starta med sløkkinga, og seier dei umiddelbart etterpå begynte å sløkke med vatn. Han avviser at dei var seint på plass.

- Vi var raskt på pletten, og fekk kvelt flammane nokså raskt, men 19-åringen gjorde ein flott innsats. Brannen kunne blitt betydeleg dersom han ikkje blei oppdaga i tide, seier Indresøvde.

Ingen mistenkte

Johan Arnt Overøye

Operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Politiet veit ikkje kven som søndag morgon sette fyr på ein container med papir utanfor legekontoret i Ulsteinvik. Det kunne gått skikkeleg gale.

- Eg trur det må vere i mangel på tankar at folk gjer slikt, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt.