Rustar seg til jervejakt etter sauedrap i Sunndal og Tingvoll

Dette sauekadaveret blei funne 23. august. Til saman er 10 kadaver funne. Mykje tyder på at det er jerv som har teke sauene.
Foto: Lars Erling Koksvik, Tingvoll kommuneJegrar i Tingvoll og Sunndal gjer seg klar til jervejakt frå 10. september. 100 sau er sakna i området. I dag blei det stadfesta at jerven er syndaren.
Publisert 02.09.2010 13:11. Oppdatert 02.09.2010 13:42.
- Kommentarer
- Skriv ut
Seksjonssjef Ulf Lucassen hos fylkesmannen i Møre og Romsdal stadfester no at det er jerv som har drepe sau i Tingvoll og Sunndal.
– Det er heilt klart at det har vore jerv i området. Eit av dei 10 kadavera som er funne har i alle fall blitt drepe av jerv. Det er litt usikkert kva som har skjedd med dei andre dyra. Men det er heilt klart at det har vore jerv i området, seier Ulf Lucassen.
Klart for jervejakt
Sauebøndene håper i det lengste på at sauene kan vere i live. Men 10 kadaver er funne, og no blir det jakt på jerv i området ved Ålvundfjord og Meisingset.
– Vi kan gje fellingsløyve på jerv som gjer skade frå 1. juni og ut beitesesongen. Det er aktuelt å opne for jakt om det kjem ein søknad om dette. Men den 10. september byrjar lisensjakta, og det kan gje vel så godt utbyte å vente nokre dagar på dette, seier Lucassen.
– Tenkte på tjuveri
Saueeigar Rune Båtnes Hanem har vore inne på tanken om at sauene kan ha blitt stolne. For det er eit svært stort tap for saueeigaren.
– Tanken om tjuveri har streifa oss. Men korleis i all verda skal dei ha fått til det? Det er jo ikkje nokon stad her der det er mogleg å parkere ein lastebil for å få med seg sauene utan at nokon legg merke til det. Det er fysisk umogleg i desse traktene her.
Omfattande leiteaksjon
Opptil 8 mann og tre hundar har leita etter sauene dei siste dagane. Dei har ikkje sett snurten av ein einaste levande sau. Men no er det funne sauekadaver i området. Kadavera ber preg av at det er jerv som har forsynt seg.
– 100 sauer utgjer ein stor flokk når du har dei samla. Vi har funne tilsaman 10 kadaver. Det har ikkje vore jerv i dette området tidlegare, seier saueeigar Rune Båtnes Hanem til NRK.
Leitar vidare med helikopter
Det er no aktuelt å leite etter saueflokken med helikopter. Akkurat no er leitemannskapa slitne, og det er uaktuelt å leite i området til fots no.
– No er opplegget at vi må kvile oss litt. Kanskje vi finn nye idéar til korleis vi skal finne sauene. Men vi tykkjer det ser svart ut no, ja vi gjer det, seier saueeigar Rune Båtnes Hanem.
Les
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Amnesty ber Norge legge Syria-press
- – Kan være flere lekkasjer
- USA etterlyser norske oljearvinger
- All stans forbudt bak Stortinget
- Brøset Regionale Tryggingsavdeling
- Difor må observasjonen skje på Ila
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila


Februar 4



