Hopp til innhold

Dårleg ver gir godt fiske

Laksefisket i Møre og Romsdal er langt betre i år enn i fjor.

Surna

I Surna har det vore ein svært god laksesesong til no.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Det har ikkje mangla på nedbør denne sommaren i Møre og Romsdal.

Mykje regn gir godt fiske

Førstekonsulent Ove Eide hos Fylkesmannen gir det dårlege veret æra for det gode laksefisket.

– Både juni og juli har det vore mykje regn og store elvar. Rapportane frå elveeigarlaga seier at det har vore ein god sesong., seier Eide.

Det er spesielt på Sunnmøre det har vore ein svært god sesong.

- Fiskarane glade for regn

Det har vore lite vatn i elvene i Møre og Romsdal dei siste åra. Men nedbøren i sommar har ført til stor vassføring.

I år har spesielt elva Surna i Surnadal utmerka seg positivt, men Eide seier at laksefiskarar frå heile fylket er godt nøgde med sesongen til no.

– Laksefiskarane er glade for dårleg ver, dei. Dei siste åra har det vore lite vatn i elvane og då går ikkje fisken i elva, seier Eide.