Hopp til innhold

Ekstremsituasjonen ebbar ut

Alle dei nattestengde vegane i Møre og Romsdal opna i dag tidleg. Men Riksveg 70 er framleis stengd i Oppdølsstranda. Det same gjeld Røyr-Hellesylt på Fv 60.

ras i Sunndal 4

Skredet i Horrvika er eit av skreda som framleis skaper store vanskar i Møre og Romsdal.

Foto: Jan Erik Vangen

Veret er langt betre enn det har vore dei siste dagane. Det har gått skred nokre stader i går kveld, men vegvesenet opplyser at situasjonen no er langt rolegare enn det har vore dei siste dagane.

Det er ope over Ørskogfjellet, Sunndalen er open. Det same gjeld Vågstranda-Måndalen og Romsdalen.

- Det gjekk ikkje noko skred på Ørskogfjellet i natt og veret er betre. Det hadde ikkje nokon hensikt å halde strekningane stengde lenger, seier Ivar Hol i Statens vegvesen.

Ivar Hol, Statens Vegvesen

Ivar Hol, Statens vegvesen

Foto: Aina Rødal / NRK

Løpsk elv fylte kjeller

Fri fire dager - men nå er det skole igjen

- Snøen buldret ned fjellsiden

Sunndal var isolert i natt

Frå Sunndal går vegane til og frå i tre hovudretningar. Mot nord, gjennom Oppdølsstranda har vegen vore stengd sidan måndag. Sunndalen, som går austover mot Oppdal, har vore stengd i periodar. Men i natt stengde også den vestlege ruta i retning Molde. Dermed var Sunndal fullstendig isolert frå omverda.

- Her ser forholda bra ut, og med unnatak av Oppdølsstranda blir desse vegane opna, seier Ivar Hol. I Oppdølsstranda må vi rydde dei store skreda som gjekk i går. Vi må også vurdere om skredfaren er over i Horrvika. Det var eit skikkeleg stort skred som gjekk der.

7000 uten veiforbindelse i Sunndal

Rygga ut av skred i Sunndal

Evakuerer hus i Sunndal

Stranda-Hellesylt opna

For folk på Sunnmøre er vegstrekninga Stranda-Hellesylt svært viktig. Strekninga er også viktig for møbeleksporten frå Sykkylven og for produksjonen av pizza og kjøtvarer i Stranda.

- Dette er den vegen vi må konsentrere oss om no. Dette er den viktigaste vegen på Sunnmøre å få opna. Det er ein livsnerve for dei som bur i området. Ut over formiddagen må vi ha eit svar på kva som skal skje her, seier Hol.

Og fredag formiddag gav arbeidet resultat. Fv60 blei opna mellom Røyr og Hellesylt.

- Ingen friske rassikringspenger

- Velgerflukt om ikke vestlandsveger prioriteres

Hovedvegene åpnes for trafikk

- Vonar ekstremsituasjonen er over

Ivar Hol i Statens vegvesen ser lyst på situasjonen fram mot helga. Alt ser mykje rolegare ut no.

- Vi vonar ekstremsituasjonen er over. No går vi alle meir over i normalmodus, seier Ivar Hol.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL