Hopp til innhold

- Overgriparen tek store sjansar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Mannen som har valdteke og overfalle kvinner i Ålesund sentrum tek svært store sjansar, seier etterforskingsleiar ved Sunnmøre Politidistrikt, Terje Rishaug.

-Vi meiner det er trekk som er like mellom ei overgrepssak i fjor vår og valdtekta som skjedde i helga. Det sa etterforskingsleiar og politioverbetjent Terje Rishaug ved Ålesund Politistasjon på ein pressekonferanse i ettermiddag

- Han bryr seg ikkje om han blir sett og er svært valdeleg.

Utanlandsk opphav

- Vi har opplysningar frå kvinna som melde valdtekten om at gjerningsmannen truleg er av utanlandsk opphav, opplyser politistasjonsjef i Ålesund, Endre Flatvad.

I dei tre overfallssakene natt til 10. mai 2009, har politiet tidligere gått ut med informasjon om at gjerningsmann er av utanlandsk opprinnelse.

Pressekonferanse voldtekt

Frå politiet sin pressekonferanse i Ålesund.

Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRK

Advarer mot fordommer

Etterlyser overfallsmann


I mai blei tre jenter utsette for forsøk på valdtekt, og i alt er seks unge kvinner utsette for overgrep i Ålesund dei siste månadane. I to av tilfella er ofra valdtekne.

Natt til søndag vart ei kvinne i 20 åra valdteke like ved Ålesund kyrkje. Valdtekten sjedde i samme område der flere andre kvinner har blitt overfalt eller voldtatt det siste.

Politioverbetjent Terje Rishaug seier at ved å angripe kvinnene på opa gate er gjerningsmannen fryktlaus.

- Kynisk menneske

-Utfrå dei opplysningane vi har i saka, så er det trekk ved valdtekta i helga som minner om ei sak frå 10. mai i fjor. Det kan tyde på at det er same person som står bak, seier Rishaug.

Han seier at politiet veit lite om kva person dette er. Men Rishaug seier at gjerningsmannen er villeg til å ta store sjansar når han angrip kvinner på opne plassar.

Kan angripe igjen

-Vi fryktar at han skal angripe igjen. dette er ikkje noko ønskesituasjon for politiet. Vi veit at det går ein person laus i byen som er i stand til å gjere slike overgrep. Vi ber folk som ferdast ute om å ta vare på seg sjølv og andre, seier Rishaug.

Og politiet er framleis svært interessert i tips i saka. Dei ber alle som har vore i området rundt Ålesund Kyrkje laurdag kveld mellom 03.45 og 04.15 om å melde seg, anten dei har sett noko eller ikkje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL