Hopp til innhold

Etterlyser vitne

Politiet vil ha kontakt med personar som var i området der ei kvinne blei overfalt og valdteken i Ålesund natt til søndag.

Ålesund Politistasjon
Foto: NRK

Ei kvinne i 20-åra meldte frå til politiet om at ho hadde blitt overfalt og valdteken på Aspøya i Ålesund natt til søndag.

Les også: - Stopp voldtektene i Ålesund

Les også: Etterforskar nytt overfall

- Ta kontakt med oss

Politiadvokat Inger Ferstad seier til NRK at dei no ber personar som var i området rundt Ålesund kirke frå 3.45 til 4.15 natt til søndag om å melde seg.

- Vi har fått melding om at i kvinne blei overfalt i krysset Aspegata - Kirkegata, og vi etterforskar hendinga som ei valdtektssak. Vi ynskjer alle som har vore der i dette tidsrommet om å ta kontakt med oss. Det kan vere informasjon publikum har som er viktig for etterforskinga, seier Ferstad.

Fleire overfall siste året

Det har vore fleire tilfelle av overgrep i det aktuelle området det siste året. Politiet kan ikkje seie noko sikkert om det er ein samanheng mellom desse.

- Vi arbeider sjølvsagt med å sjå om det er samanheng og om dei ulike sakene har fellesnemnarar, seier Ferstad.

Les også:

- Gå heim saman med andre

Politiadvokat Inger Ferstad seier at folk må ta omsyn til kvarandre og passe på kvarandre.

- Vi viser til det som har blitt sagt tidlegare. Vi oppmoder folk til å gå saman med andre når dei skal heim frå byen om nettene. Det er ei generell oppfordring, seier Ferstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL