Hopp til innhold

Sjukefråveret halvert

Ei ekstra stilling ved sjukeheimsavdeling førte til at fråveret mellom dei tilsette blei halvert.

Bergan Sykehjem i Kristiansund
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bergan sykehjem har redusert sjukefråveret kraftig siste halvår (video over)

Sjukefråveret ved korttidsavdelinga på Bergan Sykehjem i Kristiansund er halvert siste halvår. Sidan mai har avdelinga hatt ei ekstra stilling, og dei tilsette har dermed fått mindre uønska deltid.

Liten innsats - stor gevinst

Avdelingsleiar Anni Jensen seier at den ekstra stillinga har auka trivselen og at dette igjen har fått ned sjukefråveret ved avdelinga.

- Det er eigentleg ein liten ressurs som har ført til eit kjempeutslag på resultatet, seier Jensen.

Det som har gjort underverket er at bemanninga er auka frå fire til fem på kvardagar og frå tre til fire i helga.

Utgiftene til sjukefråver er halvert med hjelp av denne ekstra innsatsen.

Menn blir sjuke av finanskrisa

Oljeturnus ga betre liv

Langt bedre enn venta

- Det er mykje meir enn kva vi hadde venta i utgangspunktet, seier Jensen som synest det heile er svært gledeleg.

Bergan sykehjem i Kristiansund
Foto: Olaug Bjørneseth / NRK

I perioden mai til og med oktober hadde avdelinga over to tusen timars sjukefråver, og i same periode i år har fråveret vore på under eitt tusen timar.

- Men dette er berre ei side av saka, seier avdelingsleiaren. No har vi nemleg også fått ei veldig forbetring i arbeidsmiljø, vi har ei kjemperedusert avviksnivå, pasientane får eit mykje betre tilbod, personalet er mykje meir fornøgd og dei har det mykje bedre på alle måtar.

Bedre grunnbemanning gjer at rekrutteringa blir lettare. Og det er viktig for Anni Jensen. - For grunnproblemet her er jo at vi manglar rekruttering til pleie- og omsorg. Vi får ikkje tak i personell ved sjukefråver. Og når vi då har ei marginal bemanning i utgangspunktet så skaper det veldig store problem med å løyse oppgåvene våre. Då blei vi berre sittande her å ringe etter folk heile tida.

Sjukepleiarane veit kv som skal til

Leiar i sjukepleiarforbundet i Møre og Romsdal, Guri Måseide, forstår kva som har skjedd på Bergan sykehjem. Det som har skjedd der viser berre at det kan vere små ressursar som skal til for å gi godt resultat. (Sjå video under)

Video nsps_upload_2009_11_25_12_9_9_1195.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet i Møre og Romsdal, Guri Måseide

Er dette måten å få ned sjukefråveret på? Andre gode forslag?
Delta i debatten nedanfor.