Hopp til innhold

Menn blir sjuke av finanskrisa

Oppgang i sjukefråveret hos menn.

Syk mann
Foto: Colourbox, Foto: Colourbox

Sjukefråveret steig frå 6,0 til 6,3 prosent i andre kvartal i år, i Møre og Romsdal. Det er menn som no oftare blir sjuke.

NAV meiner auken kan ha samanheng med at fleire menn enn kvinner har mista jobben i finanskrisa.

Men sjølv om kvinnene ikkje har hatt same auken, er det enda fleire kvinner som er borte frå jobben på grunn av sjukefråver.

Legemeldt fråver hos menn var i siste periode på 4,8 prosent, mens det for kvinner låg på 8,1 prosent.

Menn i Sunndal friskast

Statistikken for 2. kvartal viser at menn i Sunndal har det lågaste sjukefråveret i Møre og Romsdal med 3,4 prosent.

Foto: Norsk Hydro/Øivind Leren

Molde kommune har hatt ein tydeleg auke i sjukefråveret siste året - frå 6,0 til 6,9 prosent. Også Kristiansund har 6,9 prosent fråver.

Ålesund ligg klart lågare med ein fråversprosent på 6,0.

Ørsta har det høgaste fråveret av alle kommunane i Møre og Romsdal med 7,5 prosent. Også Halsa, Tingvoll og Aukra har over sju prosent.

Best ut kjem Sandøy med fire prosent fråver. Hakk i el kjem Sunndal med 4,6 prosent totalt. Mennene i Sunndal er nede på 3,4 prosent som er det lågaste talet i statistikken frå NAV siste kvartal.