Hopp til innhold

Asylsøkjar frå Nigeria miste livet

Det var ein 21 år gamal mann frå Nigeria som omkom i bussvelten på Billingen i Skjåk i natt. Bussen hadde 43 passasjerar då han køyrde av vegen.

Video nsps_upload_2009_9_29_13_53_46_2758.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Den 21 år gamle mannen budde på asylmottaket i Volda. Leiar for asylmottaket, Andre Eiksund, seier til NRK at dei no skal ta hand om personar som stod 21-åringen nær.

Ikkje familie i Noreg

Ved asylmottaket i Volda får NRK opplyst at den omkomne mannen ikkje har familie i Noreg. Leiar for asylmottaket i Volda, Andre Eiksund, seier at alle som bur i same hus som nigerianaren i Volda no er informerte om det som har skjedd. Volda kommune skal medverke til å hjelpe dei som sto den omkomne mannen nær.

- Vi trur også at der er fleire som høyrer til asylmottaket i Volda som har vore passasjerar på ulukkesbussen, seier dagleg leiar, Andre Eiksund. Dei har truleg sett det som har skjedd, og er nok sterkt prega av ulukka. Vi vil møte dei når dei kjem til Volda med buss, seier Eiksund.

Seks personar fekk skadar i bussvelten og det var 43 personar om bord i bussen. Havarikommisjonen skal undersøke ulykka som skjedde i fire-tida i natt.

På veg til Sunnmøre

Bussen som har køyrd av vegen på Strynefjellet er frå Møre-ekspressen. Bussen var på veg til Ulsteinvik og Fosnavåg via Volda. Politiet veit førebels ikkje kva som var årsak til ulukka.

Vart kasta rundt i bussen

En omkom i bussulykke

Bussulykka i lyd og bilde

Klemt fast

Den omkomne blei funnen liggande fastklemd under bussen. Fem personar blei skadde i ulukka. Dei fekk brot og kuttskadar. To av dei er alvorleg, men ikkje livstruande skadde.

Ein time

I følgje passasjerar tok det rundt ein time før alle kom seg ut. Redningsmannskapa måtte skjære opp frontruta for å sleppe ut dei siste. Det var ein av passasjerane som varsla politiet om ulukka like før klokka fem tysdag morgon.

Mange sov

Mange av passasjerane sov då ulukka skjedde. Dei vakna av at bussen rista og at det singla i glas. Bussen hamna ut for vegen og velta mot ein skrent.

Ukjend årsak

Politiet har førebels ikkje uttalt seg om årsaka til ulukka. Men det var snødrev og vanskelege køyreforhold på vegane i området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL