Hopp til innhold

Vart kasta rundt i bussen

Busspassasjer Terje Aksel Sanner vakna av at han fall ut av eit knust vindauge.

DRAMATIKK: Busspassasjerane vart tekne hand om av ambulansepersonell. Foto: Terje Aksel Sanner

DRAMATIKK: Busspassasjerane vart tekne hand om av ambulansepersonell. Foto: Terje Aksel Sanner

- Eg sov då vi køyrde av vegen, og vakna av at eg fall frå den eine sida av bussen og ned i den andre. Vindauget var knust bort, og eg landa ved sida av ei jente som hadde skadd seg stygt i arma, seier Terje Aksel Sanner.

Han var ein av dei 43 passasjerane som i morgontimane i dag var med i ulukkesbussen på Strynefjellet .

Sanner knytta eit skjerf på armen til jenta, og saman med andre passasjerar byrja dei arbeidet med å gje førstehjelp til dei mest trengande.

Saka held fram under biletet.

Fastklemd under bussen

Det var glatt og nullføre på staden, då ulukka skjedde i minutta før klokka 05.00 tysdag morgon.

Bussen var på veg frå Oslo til Ulsteinvik og Fosnavåg. Men så langt kom den ikkje.

Ein person vart liggjande fastklemd under bussen. Livet stod ikkje til å redde.

- Vi oppdaga etterkvart personen under bussen, og prøvde å halde han varm. Han hadde vondt for å puste på grunn av vekta av bussen han hadde på seg. Så vi klarte ikkje å kommunisere med han, seier Sanner.

- Alle tok det roleg

Passasjerane prøvde utan resultat å finne noko å jekke bussen opp med. Dermed måtte dei vente på ambulasen.

- Kor dramatisk var det?

- Vi tok det roleg, alle saman. Men det er klart at dei som kjende han som låg fastklemd var nervøse og redde for han, seier Sanner.

- Sjåføren snakka til oss på høgtalaranlegg, og det var samhald i gruppa, fortel busspassasjeren.

Saka held fram under biletet.

REDNINGSARBEID: Redningspersonell tok seg av dei 43 passasjerane.

REDNINGSARBEID: Redningspersonell tok seg av dei 43 passasjerane.

Kriseteam oppretta på Skjåk

Han har ikkje noko kjensle av kor lang tid det gjekk før redningspersonell kom på staden. Sjølv var han imidlertid i aktivitet med førstehjelp og deretter fotografering - og heldt dermed varmen i kulda på Strynefjellet.

Dei overlevande passasjerane kom i føremiddag til kommunehuset i Skjåk, der dei vart tekne hand om av eit kriseteam i kommunen.