Hopp til innhold

Vert førebels ikkje opna

Naudsynt med tiltak før ein opnar for trafikk.

Oppdølstranda
Foto: Per R. Skarseth

Ein rapport som vurderer risikoen ved å opne riksveg 70 gjennom Oppdølstranda vart presentert for Vegdirektøren mandag, og den fortel kva som må gjerast før vegen kan opnast.

Fungerande regionvegsjef Knut Nauste seier dei ikkje kan få ein rassikker veg, men at målsettinga er ein like sikker eller usikker veg som før rasa.

Reinsking og fanggjerder

- Rapporten seier at det er naudsynt med rensiking av fjellsidene og at ein set opp fleire fanggjerder, seier Nauste.

Han seier at Vegvesenet vil leggje vekt på råda i rapporten når dei tek sikte på å få opne ein tryggare veg.

Det er usikkert om det løner seg å gjere desse tiltaka før ein eventuell ny tunell står ferdig. Rapporten seier ingenting om kva dette vil koste.

- Vi er alt i gang med å rekne på kva tiltaka vil koste og kor lang tid det tek å få gjennomført dei, seier han.

Veit ikkje når ein kan opne

Nauste seier at det er fagfolka i etaten som avgjer om vegen kan opnast. Han er usikker på kor lang tid det tek å få gjennoført tiltaka og opna vegen.

- Det veit vi ingenting om, men vi snakkar nok meir om månadar enn veker, fortel Nauste.

Les: Oppdølsstranda-rapport