Hopp til innhold

Hardt skadd i ulukke

Bil med tre personar havna utfor vegen.

Norsk Luftambulanse

EIN ALVORLEG SKADD: Luftambulansen rykte ut til Fløstranda. (Illustrasjonsfoto.)

Foto: Norsk Luftambulanse

Ulukka skjedde på Fløstranda i Ulstein, men detaljane er førebels uklare.

- Me veit at det har vore ei trafikkulukke og det skal berre ha vore ein bil involvert. Men kva som har skjedd er førebels ikkje klart, seier operasjonsleiar Marianne Vestad ved Sunnmøre politidistrikt.

Luftambulansen rykte ut etter ulukka.

Den eine av dei tre vart ifølgje politiet hardt skadd, medan ein var skadd og den siste skal ha vore uskadd. Alle tre vart sende til sjukehus for sjekk.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.47 søndag ettermiddag.