Hopp til innhold

Greitt å vere rølpete

- Det er heilt greitt å vere rølpete og "harry". Og på fest vil vi no ha det moro seier Vassendgutane.

Vassendgutanekonsert
Foto: Tor Sivertstøl

Bandet har aldri hatt noko plateselskap i ryggen. Likevel er dei eitt av dei banda i Noreg som sel flest plater. Den siste plata "XO" er seld til dobbel platina .

Drøymde aldri om dette

- Vi har aldri planlagt dette, sier bassist og vokalist Sindre Aam. Vi møttes i 1996 for å spele litt i lag, og kanskje for å opptre på ein lokal bygdakveld eller to. At vi no kan reise rundt i landet og spele på konsertar med mange tusen tilhøyrarar hadde vi aldri drøymt om, seier han.

Hylla på bensinstasjonen

Dei første kassettane til bandet blei lagt ut i hyllene på den lokale bensinstasjonen i Ørsta. Nokre kassettar blei selde på konsertar i heimkommunen. - Vi såg det var interesse for det vi dreiv på med, og begynte å reise på countryfestivalar, fortel Sindre Aam. Vi fekk ein enorm respons, då braka det laus. Tenke seg til at ein gjeng tullingar frå Åmdalen skulle få oppleve dette, seier Aam, og ristar på hovudet mens han smiler lurt.

Festmusikk

- Vi lagar festmusikk, seier Arthur Bjørdal. Festcountry. Og når du er på fest så vil du no ha det moro. Og er det ikkje litt rølpete å vere på fest då ? Det er vokalist og låtskrivar Arthur Bjørdal som slenger ut spørsmålet. Det er mange som vil ha litt rølp når dei er på fest, seier han. Klikk på videoen, og høyr intervju med Arthur Bjørdal.

Video nsps_upload_2009_3_11_13_18_1_272.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det grusomaste

Vokalist, bassist og låtskrivar Sindre Aam fortel om den første spelejobben Vassendgutane hadde. - Mor mi var hos frisøren dagen etter konserten. Frisøren hadde vore på ungdomshuset i Åmdalen. Desse Vassendgutane spelte, og det var det grusomaste eg har høyrt, kunne frisørdama fortelje. Sjå video og få med deg intervjuet med Sindre Aam.

Video nsps_upload_2009_3_11_13_16_51_270.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Alkohol

Vokalist og gitarist Rune Brautaset danna i si tid modellen for den kjende låta "Ungkar med dobbeltseng". I programmet på NRK1 får vi sjå og høyre at turnélivet kan føre til så mangt, og at han slett ikkje er ungkar lenger. Brautaset deler også betraktningar kring fokuset på alkohol i samband med konsertane til Vassendgutane. Sjå Rune Brautaset fortelje om historia til Vassendgutane:

Video nsps_upload_2009_3_11_13_20_34_274.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

På lag med publikum

Lars Egil Vågseter er ikkje frå Åmdalen. Som steelgitarist har han turnert til lokale over heile landet med ei rekkje countryband lenge før Vassendgutane såg dagens lys. - Men det er noko spesielt med Vassendgutane seier han. Det oppstår ei heilt spesiell kontakt mellom bandet og publikum. Sjå video:

Video nsps_upload_2009_3_11_14_54_52_287.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ivar Aasen

- Det er liksom Vassendgutane og Ivar Aasen som har sett Ørsta på kartet, seier trommis Bjørn Marius Øyehaug. Han er den yngste og det nyaste medlemmet i bandet. Her kan du sjå eit intervju med yngstemann i Vassendgutane.

Video nsps_upload_2009_3_11_13_14_3_269.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Skitt i anmeldarane

- Desse anmeldarane i avisene dei kan no berre skrive akkurat det dei vil sjølve. Det kan ikkje vi styre. Og eg trur aldri at Vassendgutane kjem til å slå særleg godt an hos anmeldarane i hovudstadspressa. Det seier trekkspelar Ernst Brune.

Video nsps_upload_2009_3_11_13_19_20_273.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Vassendgutane lever lenge

Leif Aase er kjend frå countryband og som trubadur i Bergen. No er han stødig gitarist i Vassendgutane. - Eg trur at Vassendgutane kjem til å halde fram i mange, mange år, seier han. Det er ikkje andre band som spelar denne typen countrymusikk i Noreg, og så lenge Sindre og Arthur skriv låtar som dei har gjort, så varer dette i årevis seier han, som har vore artist i årevis:

Video nsps_upload_2009_3_11_14_55_54_288.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Torsdag 12. mars klokka 19.55 kan du møte denne kameratgjengen frå Åmdalen i Ørsta i eit halvtimes TV-program på NRK1.