Hopp til innhold

Tyske veteranbilar frå krigen

25 tyske Folkevogner av krigsmodell er på rundtur i Møre og Romsdal.

Tyske veteranbilar

Tyske veteranbilar på Moa i Ålesund. Heilt til venstre ein av amfibiebilane.

Foto: Merethe Trones / NRK

Det er ein tysk veteranbilklubb med medlemmer frå mange land som eig desse svært spesielle bilane. Alle er bygde under krigen og er utvikla på grunnlag av dei første Folkevogn-modellane.

Ein del av desse bilane var i Noreg under krigen, fortel Harald Ulvestad, veteranbilentusiasten som har invitert klubben til Noreg. Han kjøpte sjølv ein slik bil i 1948 og har hatt han sidan. Fleire av dei er amfiebilar med propell bak.

Bilane skal køyre rundt omkring på Sunnmøre i helga før dei snur sørover igjen.

Tyske veteranbilar i Ålesund
Foto: Merethe Trones / NRK