Hopp til innhold

Svartelista på internett

Folk frå heile fylket er svartelista som barnevernssympatisørar på internett.

Barnevernssympatisørar på svarteliste

Barnevernssympatisørar på svarteliste.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Omlag 80 privat personar og ni institusjonar frå Møre og Romsdal står oppførte som barnevernssympatisørar og folk ein bør passe seg for på ei svarteliste på internett.

Fortvilt

Bak nettsida står "Gruppen til Familiens Selvstendige Rett", som meiner dei har sitt på det reine når dei legg ut informasjonen.

Ein av dei som står oppført på lista er lærar ved Hasund skule i Ulstein, Gerd Bang Brevik. Ho er fortvila over å sjå namnet sitt der:

- Det synest eg er simpelt gjort av dei som har lagt ut både mitt namn og mange andre sine namn, seier ho.

Bang Brevik har arbeidd som lærar i Ulstein i 11 år. På nettsida står det at ho er ein person ein bør passe seg for, mellom anna fordi ho har eit uforstandig syn på familien si betydning for barn.

Omfattande register

På sida står advokatar, helsepersonell, lærarar, barnehagetilsette, politikarar og journalistar oppført.

Svartelista frå Gruppen til Familiens Selvstendige Rett

Fleire som står på lista reagerer kraftig på at deira namn, yrke og bustad er nevnt i ein slik samanheng.

Men registeret er ikkje nødvendigvis ulovleg.

- Det er ikkje heilt klart kva som er lovleg og ulovleg i denne saka, seier seniorrådgjevar i Datatilsynet, Guro Slettemark.

Går til politiet

Tidlegare har fleire saker av same typen vore behandla i personvernnemda, med den konklusjonen at sida fell innanfor rammene for ytringsfridom.

Likevel advarer Slettemark mot denne typen nettsider:

- Det kan fortone seg som svært usmakeleg og som ein ombudsfunksjon vil Datatilsynet oppfordre til forsiktigheit i omtale om andre perosnar og undersøke om ein kan nå målet med sine ytringar utan å omtale privat personar.

Datatilsynet oppmodar folk til å kontakte eigaren av nettsida og be om å blir fjerna frå lista. Dersom det ikkje fører fram, kan ein vurdere å melde saka til politiet.

- Eg vurderer rett og slett ein politianmeldelse, for dette er eit personleg angrep på meg som det ikkje finst hald i, seier Gerd Bang Brevik.

Mona Lygre i Gruppen for Familiens Selvstendige rett som står bak nettsida, ville ikkje kommentere saka til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL