Hopp til innhold

Halvor Nordhaug

Alder: 54. Sivil status: Gift Noverande stilling: Rektor ved Praktisk-teologisk seminar, Menighetsfakultetet.

Halvor Nordhaug
Foto: Menighetsfakultetet

 

1 . Kvifor bør du bli den neste biskopen i Møre?

Dersom kyrkja vil ha meg, bør eg bli biskop - elles ikkje. Eg har stilt meg til rådvelde fordi eg er glad i kyrkja og gjerne vil vere med å forme hennar framtid. Eg trur eg har noko å koma med som forkynnar og teolog. Dessutan liker eg å vere saman med folk.

2. Kva er den viktigaste enkeltsaka for kyrkja framover?

Kyrkja si store oppgåve er å forkynne evangeliet om Guds kjærleik til oss i Kristus. Det er særs viktig at dette ikkje berre skjer gjennom ord, men òg i praktisk handling både lokalt og globalt. Eg trur diakonien vil verte stadig viktigare i åra framover.

3. I kor stor grad er det viktig at biskopen i Møre er ein premissleverandør i den offentlege debatten?

Biskopen er ein leiar i kyrkja. Difor må ein kunne tale inn i den offentlege debatten. Her vil ein bli høyrd om ein har noko kristeleg og vettugt å seie. Ein bør ikkje gripe ordet i utrengsmål, men velge ut viktige saker og så tale med frimod der ein slepp til.

4. Kva vil du som biskop gjere for å auke rekrutteringa av prestar, diakonar og kateketar?

Det viktigaste vil vere å utfordre ungdom til å utdanne seg til kyrkjeleg teneste. Ein biskop får mange høve til dette. Så må biskopen òg vere med å skape gode arbeidstilhøve i kyrkja slik at unge menneske ikkje vert skremde frå å gå denne vegen.

5. Kva gjer du personleg for å ta vare på miljøet?

Eg prøver å reise kollektivt og grønt så ofte det lar seg gjere, og er sparsam med straumen i heimen. Eg prøver òg å sortere avfall der det er mogeleg.

6. Kva kan kyrkja i Møre konkret gjere for å ta betre vare på miljøet?

Det viktigaste er å løfte dette fram på ein slik måte at ein samverkar til å endre den allmenne opinionen. Det er i Stortinget dei store avgjerdene vert tekne, og då må alle gode krefter drive fram politiske endringar. Så må kyrkja feie for eige dør ved å spare energi, sortere avfall osb. Vi må òg halde fram i arbeidet for større global rettferd. Utvikling og miljø er to sider av same mynt.

7. Vil du akseptere homofile sambuarar i vigsla stillingar?

Eg har ikkje vorte overtydd om at kyrkja bør endre sitt tradisjonelle syn på homofilt samliv, og eg vil difor ikkje vigsle homofile sambuarar til kyrkjeleg teneste. Men dersom ein homofil sambuar like vel er i slik teneste, vil eg utøve tilsyn og samarbeide med vedkomande.

8. Ønskjer du å arbeide for at prestar som ikkje har tillit til biskopen sin kan få alternativt tilsyn?

Eg vil gjerne at slike prestar kan få rom og frimod til å verte ståande i si teneste. Her kan alternativt tilsyn vere ein veg å gå. Då bør helst eit samla bispekollegium opne for dette. Her er det naudsynt med ei grundig utgreiing før ein trekkjer konklusjonar.

9. Kva vil du gjere for å unngå at fleire melder seg ut av kyrkja som følgje av homofilistriden?

Eg vil ikke gjere dette til ei hovudsak, men lyfte fram andre og viktigare saker for kyrkja.

10. Kva vil du gjere for å styrke forholdet til dei kristne organisasjonane?

Eg trur eg har eit godt forhold til desse, og vil leggje vekt på regelmessig og god kontakt med organisasjonane både nasjonalt og i Møre.

11. Ønsker du eit skilje mellom stat og kyrkje?

Ja. Eg trur det er rett både for stat og kyrkje at statskyrkja som ordning vert avvikla. Men det lyt ta den tida det treng. Folk må vere trygge på at dei ikkje mister den kyrkja dei kjenner seg heime i.

12. Kvifor trur du på Gud?

Eg lærte å tru på Gud av mor og far. Det gir livet mitt djupne og meining, sjølv om eg òg kan kjenne tvil. Trua er ein så sentral del av livet mitt at eg ikkje kan tenkje meg å leve utan.

13. Trur du på helvete som evig pine?

Eg trur på Guds kjærleik, men eg trur samstundes at denne kjærleiken berre kan takast i mot i fridom. Gud tvingar seg ikkje på nokon. Den som viser han bort, får leve utan Gud også evig. Eit evig liv borte frå Gud vil måtte vere pinefullt, men ikkje med eld og svovel. Dette handlar meir om eksistensiell enn fysisk pine.

14. Kva vil du gjere for at fleire i Møre og Romsdal skal bli kristne?

Eg vil forkynne evangeliet, og oppmuntre alle andre kristne til å gjere det same. Eg vil òg vere med å byggje gode fellesskap i kyrkjelydane der folk kan kjenne seg inkluderte og heime.

KUNNSKAPSTEST

1. Kva heiter byane i Møre og Romsdal?

Kristiansund, Molde og Ålesund

2. Kor mange fogderi er det i fylket?

Tre: Nordmøre, Romsdal og Sunmøre

3. Kva heiter fotballstadionet i Ålesund?

Color Line Stadion

4. Kva heiter den største industriarbeidsplassen? (målt i talet på arbeidsplassar)

Eg vil tru det er Statoil sitt anlegg ”Ormen Lange” på Aukra.

5. Kor mange flyplassar er det i fylket?

Fire: Nordlandet i Kristiansund, Årø i Molde, Vigra ved Ålesund og Hovden ved Ørsta/Volda.

6. Kva heiter ferjeselskapet som driv dei fleste ferjene i Møre og Romsdal?

MRF. Møre og Romsdal Fylkesbåtar.

7. Kva heiter fylkesmannen?

Da far var biskop, trur eg det var Kåre Fostervoll. Men no? Det veit eg ikkje. Kanskje Anders Tallerås?

8. Kva heiter dei tre dagsavisene i fylket?

Tidens Krav (Kristiansund), Romsdals Budstikke (Molde) og Sunmørsposten (Ålesund)