Hopp til innhold

Positiv etter statsrådsmøte

- Eg er mest nøgd med at ho virka så engasjert i saka, sa dagleg leiar i Industrikraft Møre, Alf Reistad. I går møtte han olje- og energiminister Åslaug Haga.

Alf Reistad i Industrikraft Møre
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

I møtet lovde Olje- og energiminister Åslaug Haga Industrikraft Møre svar på søknaden om løyve til å bygge gasskraftverk i Fræna, før nyttår.

Lyttande statsråd

Dagleg leiar Alf Reistad, fortel at dei møtte ein lyttande statsråd.

- Statsråden hadde sett av ein heil time for å høyre på våre planar, og vår spanande løysing, fortel han. Han meiner dei fekk statsråden til å forstå meir av prosjektet, og at dei fekk god tid til å presentere det.

Kan vere klart om 4 år

- Ho hadde mange gode spørsmål, som gjorde at me fekk utdjupe fordelane med vårt prosjekt, men også utfordringane som me står over for med kraftsituasjonen i Midt-Noreg og Møre og Romsdal, seier Reistad.

Industrikraft Møre har søkt om å få bygge eit gasskraftverk utan Co2-reinsing, og det store spørsmålet blir om kraftsituasjonen i Midt-Noreg tvingar regjeringa til å gå inn for det. Reistad seier kraftverket kan stå klart i 2011 eller 2012, og at det er kostnadsrekna til 2 milliardar kroner uten reinsing. Han er svært positiv etter møtet med Haga.

Godt nøgd

- Eg trur eg er mest glad for hennar engasjement rundt kraftsituasjonen i Midt-Noreg, og alle dei konstruktive og gode spørsmåla ho hadde om prosjektet vårt, fortel han. 

- Det viser at ho er opptatt av situasjonen, og at ho som statsråd ynskjer å finne ei konstruktiv løysing på kraftsituasjonen i Midt-Noreg og Møre og Romsdal.

Reistad meiner dei fekk svart godt for seg i møtet med statsråden, og at delegasjonen reiste heim med eit godt inntrykk.