Hopp til innhold

Elefantforbod i 17.mai-tog

Det vert ingen elefantar i 17.mai-toget i Ålesund i år. Sirkus Agora har fleire gongar før hatt med seg dyr i toget gjennom byen, men Mattilsynet har sagt nei til søknaden.

Elefant i 17.mai-tog
Foto: NRK / NRK

Seksjonssjef Lennart Floyd Berge i Mattilsynet grunngir avslaget med at dyra kan verte stressa av å gå i tog.

Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal, seier vedtaket er trist og overraskande. Han hadde søkt om å få med ein elefant og fire hestar i 17.mai-toget i Ålesund.

Men sirkuset har heller ikkje søkt politiet om løyve til å vise fram dyra i toget. Ifølgje Berge har politiet også gitt signal om at dei ikkje ville gi løyve til å ta med hestar eller elefantar i toget av omsyn til tryggleiken