Hopp til innhold

Reiser minnekapell på øya Eika

Berre nokre hundre meter frå den støyande trafikken i Eiksundsambandet, på øya Eika, der Eiksundtunnelen har innslag, vert eit minnekapell akkurat no bygd.

Per J.Havåg bygg minnekapell på øya Eika.

Hans Grønlien

Hans Grønlien

Foto: Arne Flatin / NRK

Kapellet er til minne om Liv Grønlien som døydde i fjor haust av kreft, 78 år gammal. Liv var frå Eiksund, men budde saman med mannen, Hans Grønlien, på Austlandet.

Begge var begeistra over tanken på eit kapell på den vakre øya. Ein ide som Per J. Havåg (77), bror til Liv, hadde hatt i mange år. Då Liv døydde meinte Hans at det var på tide for svogeren å realisere ideen.

Per meinte først at det var vanskeleg å gjennomføre, men etter å ha togge på det ei stund bestemte han seg for å realisere planane.

Per Havåg

Per J. Havåg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Bygginga går føre seg for fullt no, og det er lett å sjå at det er eit kapell som kjem ute i skogkanten på øya med vakker utsikt mot havet. Eit byggelag på 4–5 mann frå Havåg-familien står for arbeidet.

– Dette vert eit kapell til minne om Liv, først og fremst, seier Per. Hadde det ikkje vore for henne hadde det ikkje vorte bygd.

Skal brukast

Tanken er likevel at det skal brukast som eit gudshus i Eiksund-bygda. Hans har sagt at han vil ha førsteretten ein gong i året, på bursdagen til Liv, 9. juni. Elles vil Hans at det skal brukast av bygdefolket.

– Det er no ikkje noko stort hus, men mindre samlingar kan ein no ha her, seier Havåg.

Kapellet skal innreiast på ein veldig enkel måte. Ved inngangen skal det vere ei dobbeldør.

På spørsmål om når det skal stå ferdig så ristar Per på hovudet. Det vet han ikkje. Det tek den tida det tek. Men byggeforholda har vore gode, med eit heilt fantastisk ver.

Hans Grønlien seier at dette er den finaste staden i Eiksund. Ikkje alle er kanskje like samde om det humrar Per Havåg. Eika er noko og Eiksund noko anna. Men sjølv kan han godt vere samd i at dette er den vakraste staden.

Per Havåg seier at dugnadsgjengen som er og bygger kapellet er nokre kjempekarar.

– Det er i grunnen sysken som har vore her mest, og dei sa no ja til at kapellet vart bygd. Vi er eigarar alle saman, og dei har hjelpt godt til.

Arbeidslaget som bygg kapell på Eika

Arbeidslaget som bygg kapell på Eika. Frå venstre Olve Havåg, Endre Havåg, Svein Havåg, Hans Grønlien, Ingmar Havåg og Per J. Havåg.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL