Hopp til innhold

Damien Hirst blir festivalkunstnar på Flø

Kunstnaren Damien Hirst blir festivalkunstnar under kunstivalen Go With the Flø på Flø i Ulstein i slutten av juni.

Damien Hirst

KUNSTNAR: Det er usikkert om Damien Hirst sjølv kjem til Flø, men dette blir andre gang han har utstilling i den vesle bygda på Møre-kysten.

Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube / Pa Photos

Dette blir andre gong den verdskjende kunstnaren har utstilling ved Studio Hugo Opdal.

Les også:

Samarbeid

Go Whit the Flø er eit samarbeid mellom Studio Hugo Opdal, Paul Stolper Gallery, Moods of Norway og bygdefolket på Flø.

Arrangørane sjølve seier dette om kunstivalen:

«Det kan beskrives som en surrealistisk krysning mellom tradisjonelle bygdedager og en kunstfestival.»

I tillegg til utstillinga til Damien Hirst, stiller den norske kunstnaren Kristoffer Myskja ut to skulpturar på Flø, og det blir intimkonsertar med canadiske Lowell.

Lowell

CANADISK: Lowell skal halde to intimkonsertar på Flø under Go With the Flø.

Foto: Pressefoto

– Ei ære

Men hovudattraksjonen under Go With the Flø blir altså Damien Hirst si utstilling. Oljemaleri, akrylmaleri, trykk og ein skulptur utgjer utstillinga. Eit av hovudverka til Hirst, ei 60 centimeter stor utgåve av «The Virgin Mother» vil stå sentralt.

– Det er ei ære for det vesle galleriet vårt å igjen by på ei utstilling med verdas mest kjende nolevande kunstnar. Damien Hirst er ein kunstnar dei fleste har eit forhold til gjennom sine framstillingar av dissekerte dyr i formalin, og no sist under avslutninga av OL i London i fjor, skriv gallerist Hugo Opdal i ei pressemelding.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL