Hopp til innhold

Myrland-hus kan endre lova

Huseiernes Landsforbund brukar seks hus på Myrland i Ålesund som skrekkeksempel for å få endra lova om bustadkjøp.

Hus på Myrland
Foto: Øystein Windstad / NRK

Ingen har enno teke på seg ansvaret for at grunnen sig under dei seks husa som no står på pålar ein halv meter over bakken.

 

Hus på Myrland
Foto: Øystein Windstad

 

Vil ha lovendring

Huseiernes Landsforbund får stadig nye meldingar om slurv og manglar ved nye hus, seier administrerande direktør Peter Batta. Problemet er så stort at det må ei lovendring til, meiner han, og HL har no bedd Kommunaldepartementet om eit møte. Forbundet vil ha strengare krav til utbyggjarane og ein større garantisum for nye hus, og det vil bruke dei seks husa på Myrland som eksempel på den situasjonen huskjøparar kan komme i.

Må flytte ut til vinteren

- Vi har meir rettar om vi kjøper ei vaskemaskin enn om vi kjøper eit nytt hus, seier Rannveig Kjemphol som bur i eitt av husa i lag med sambuaren sin. Grunnen under huset sig 2,5 cm i månaden, golvet er kaldt, kloakkrøyr ryk og vassleidningane kjem til å fryse til vinteren. - Då blir det uråd å bu her, seier Rannveig Kjemphol.

 

Huseigarar på Myrland: Rannveig Kjemphol og Trond Ytreberg
Foto: Øystein Windstad / NRK

Delansvar

Kommuneadvokat Olav Aarø
Foto: Øystein Windstad

Dei seks huseigarane på Myrland har gått til sak mot utbyggjaren, seljaren og kommunen. Kommuneadvokat Olav Aarø i Ålesund avviser at kommunen har hovudansvaret. Spørsmålet i korrespondansen med utbyggjaren hittil har vore om kommunen har eit delansvar, seier Aarø.  Han vil i nær framtid ta kontakt med dei andre saksøkte for å finne ei løysing til beste for huskjøparane.