Hopp til innhold

Kalenderpresset vart eit mareritt

Katharina Teige Førde har fødselsdag på julaftan, og ho elskar jula. Men adventskalenderen som ho laga til borna til mannen vart etter kvart berre stress. – Det som skulle vere koseleg vart litt sånn marerittaktig, seier Teige Førde.

Katarina Teigen Førde

ELSKAR JUL: Adventskalenderen vart brått berre dyr og slitsam. Då fekk Katharina Teige Førde ein god idé.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Mange riv seg i håret i desse dagar og lurer på kva dei skal putte i kalenderen til borna. 24 luker skal fyllast til born som gjerne har alt dei treng frå før.

Les også: Uroa over gåvekøyret i adventstida

Magisk kalender

Katharina Teige Førde

DYRT: Katharina Teige Førde brukte etter kvart så mykje tid og pengar på kalenderane at kosen vart borte.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Tekstilkunstnaren, Katharina Teige Førde, elskar jula, og var veldig glad for at ho fekk lage fine pakkekalendrar til dei to borna til mannen, Hans.

Ho brukte mykje tid på pakkane, for kalenderen skulle vere magisk.

– Det var viktig at dei ikkje hadde sett tinga i butikken. Difor kjøpte eg gjerne ting på reiser og slikt. For kvart år måtte eg overgå førre kalender, og til slutt vart det dyrt også, fortel Katharina Teige Førde.

– Vi hadde ei unnskyldning. Det var at det skulle vere ein del av julegåva. Men det vart ikkje heilt slik når julaftan først kom.

Høyr Katharina fortelje:

– Ei heilt ny verd

Teige Førde måtte tenke nytt. For å slutte med kalenderen var ikkje eit alternativ.

– Borna vart etter kvart litt større, og då var det ikkje lenger så viktig at alt var så magisk og hemmeleg. Det var på tide og tenke nytt. Så då tenkte vi at dei heller kunne få opplevingar, få vere med og bestemme ting og få gode. Då opna det seg sjølvsagt ei heilt ny verd.

Plankekalender

PLANKE: Den nye kalenderen var ikkje like stressande som pakkekalenderen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Som sagt så gjort. Katarina Teigen Førde laga ein enkel kalender av ei treplate med ein krok på, og så laga ho ark med dato på der det sto kva dagens gåve var.

– Det kunne vere å få velje middag, å få ein halvtime ekstra ved dataen, eller å få vere oppe ein halvtime lenger, fortel ho.

Sjølv om dette også tar tid, meiner Katharina at stresset frå før, var borte.

– Det var gøy igjen, stadfestar ho.

Ting

SAMLAR: Tekstilkunstnaren Katarina Teigen Førde er ein notorisk samlar. Det fører til at ho har mange fine kalendergåver å leite fram til nye generasjonar.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Tilbake til magien

Katgarina Teige Førde og mannen Hans Førde har også ein son saman. Og Teige Førde starta tidleg med å påverke han slik at han skal elske jula.

Då han var tre var det på tide å finne på ein adventskalender til han også. Også den skulle vere magisk, men på ein litt annan måte enn pakkekalenderen til syskena.

Sjurs magiske kalender

MAGISK: Dette er adventskalenderen til ein liten gut. Her dukkar det opp spennande ting som den magiske kalenderen har trylla fram.

Foto: Møre og Romsdal / NRK

Kalenderen er eit lite hus. Ein vervepremie frå ein bokklubb, som ein gong var eit fargerikt teater. No har det vorte Sjur sin magiske adventskalender.

– Eg måtte finne på noko anna til han sidan han var så liten. Men eg tenkte eg skulle venje han til å elske jula. Så eg startar tidleg, ler mora.

Ho mala om miniatyrhuset, pynta det med gamle knappar, og laga til eit vinterlandskap inne i rommet. Der dukkar kalendergåva opp kvar morgon. Og det er ikkje nødvendigvis dei dyraste tinga som ligg der.

– Ein gong fekk han ein stein. Det er vel ikkje det ein tenker på som den mest fantastiske kalendergåva, men for ein treåring er det veldig spennande. Spesielt sidan det kjem frå den magiske julekalenderen.

Startar i januar

Ikkje langt unna Katharina Teige Førde, i Volda, bur Alice Telset Tverberg. Ho er også veldig glad i jula, og ikkje minst i pakkar.

– Eg er ein pakkejunkie. Eg elskar å få pakkar, og eg elskar å gi. Så det starta då yngste tantebarnet mitt vart to. Då broderte eg ein kalender til henne. Då neste tantebarn kom, vart det ein kalender til, så fekk sonen min ein, og så kom der eit tantebarn til. Yngste sonen min får ikkje før neste år då han vert to.

Alice Telset Tverberg gler seg minst like mykje som sonen.

GLEDE: Alice Telset Tverberg gler seg minst like mykje som sonen Gustav (snart 3).

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Telset Tverberg har altså brodert fire kalendrar, og må snart i gang med den femte til yngstesonen Sevrin.

– Eg reknar med at eg brukar 200 timar på kvar kalender, slår ho fast.

Men ikkje nok med det. Det er også Alice som kjøper gåvene til kalendrane.

– Eg elskar å halde på med dette. Det er ein fin måte å halde kontakten med dei som bur langt unna på. Eg startar innkjøpa alt i januar. For det skal ikkje vere slik at eg kjøper noko berre for å kjøpe.

Sevrin er for liten

FOR LITEN: Yngstesonen Sevrin får ikkje kalender før neste år. Aldersgrensa i heimen er 2 år.

Mange ting

Telset Tverberg fyller ikkje kalendrane berre med fornuftige ting, men ho prøver å kjøpe noko som borna har bruk for.

– Det er lett med jenter. Hårstrekk og slikt er fine gåver. Elles kan eg kjøpe ting som dei treng, ullkle og sokkar for eksempel. Små bilar er også kjekt å få.

– Er du ikkje redd for at borna skal få for mykje?

Eg tenkjer på det, men eg trur dei toler det. Eg prøver å kjøpe nyttige ting, og dessutan er det ein del av julegåva. Eg meiner at folk må få lage kalenderen på sin måte. Det er ikkje ein fasit på korleis dette skal gjerast, seier ho.

Broderi Alice

MYKJE ARBEID: 200 timar bruker Alice Telset Tverberg på kvar kalender.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL