NRK Meny
Normal

Uroa over gåvekøyret i adventstida

Organisasjonen «Framtiden i våre hender» vert kontakta av foreldre som er bekymra over eit stadig aukande forventningspress til adventskalenderen. – Spar dei store gåvene til jul, er rådet frå leiar Arild Hermstad.

Tilia (2) gleder seg til å åpne adventskalenderen

Tilia (2) gler seg til å opne adventskalenderen, men 'Fremtiden i våre hender' meiner foreldra bør unngå store kalendergåver.

Foto: Anne Linn Kumano-Ensby / NRK

Nordmenn vil i år bruke nesten 50 milliardar på julehandelen. Og ein del av dette går til adventskalenderen.

Les også:

Forventningspress

Arild Hermstad i Framtiden i våre hender

PRESS: Arild Hermstad i Framtiden i våre hender blir kontakta av folk som meiner kjøpepresset i adventstida har tatt av.

Eit søk på diverse foreldreforum på nettet viser at mange er opptatt av kalenderen i desse dagar. Mange fyller kalenderen med småting, eller ting borna uansett treng. Men andre grev djupare i lommeboka.

«Er det greitt å gi ein Nintendo DS i ei luke», spør ei mor. Om ho spør Arild Hermstad i «Framtiden i våre hender» er svaret heilt klart: Nei, det er ikkje greitt!

– Inntrykket mitt er at dette lett kan ta av i enkelte miljø, seier han.

Kva gir du i kalenderen? Diskuter til slutt i saka.

Bekymra

Hermstad seier at han som leiar i «Framtiden i våre hender» er uroa over at pakkepresset i adventstida tar av.

– Adventskalenderen er ein fin tradisjon, men opphausinga av adventstida med svære pakkar kvar dag til borna, er unødvendig. Vi får stadig meldingar frå foreldre som synest at dette tar heilt av. Det skaper eit forventningspress.

Få gode tips til ein lavkostkalender her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Hermstad presiserer at overdimensjonerte adventskalendergåver skaper miljøavtrykk, men at det også lærer borna til å bli opptatt av forbruk.

– Det er viktig å lære borna å vente, halde litt igjen på dei store forventningane som dei uansett har til jul, seier han.

– Då gir vi lykke til andre slik at dei kan ha det godt.

Anna Aasen (5)

Ventetid

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

«Framtiden i våre hender» ber foreldre om å halde igjen, og tenke litt annleis når dei skal lage årets adventskalender.

– Tida for dei store gåvene og tinga er heller julaftan. Å ha ein kalender er ein fin tradisjon. Men vi meiner at det er lurt å unngå dei store materielle tinga i desse kalendrane, seier leiar Arild Hermstad.

Han oppfordrar dei som skal fylle kalenderlukene om å tenke litt nytt.

– Vær litt kreativ, tenk på at vi kan gi vekk litt tid før jul, eller tenester, gjerne til dei som treng det meir enn oss, seier han.

Omvendt kalender

Barnehageborn

FRÅ VENSTRE: Anna Aasen, Sofa Sæther, Bjørnar Vikene og Oliver Indresøvde skal gi vekk kle som er blitt for små i adventskalenderen i Hjellbakkane barnehage.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Høyr borna forklare korleis adventskalenderen deira er:

På Hjellbakkane barnehage i Volda gler dei seg til årets adventskalender. Som så mange andre barnehagar og skular, handlar ikkje kalenderen deira om at dei skal få.

Dei tar med seg kle som er blitt for små, og så er det kvar sin dag å gi.

– Vi tar med oss kle, som er for små, forklarar Anna Aasen.

– Ja, og dei som blir for store for oss, seier Oliver Indresøvde.

– Jammen vi blir jo store for dei, då! slår Anna Aasen fast.

– De blir for store for kleda?

– Ja, og når vi blir for store for kleda, så sender vi dei til Afrika i gåve. Då kan dei som treng det få dei, forklarar ho.

Likar å gi

Anna Aasen og Sofia Sæther

GLEDE: Anna Aasen og Sofia Sæther gler deg til adventskalenderen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Og for borna i Hjellbakkane barnehage er det like kjekt å gi, som å få.

– Det er kjekt fordi då gir vi lykke til dei andre slik at dei kan ha det godt, seier Anna Aasen.

– Det fins nesten ingenting å kjøpe i verda deira, men no får dei det, seier Oliver Indresøvde.

Assistent Bjarte Lillebø

GI: Assistent i Hjellebakkane barnehage, Bjarte Lillebø, meiner borna har godt av å lære seg at jula også handlar om å gi.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Når alle "lukene" i kalenderen er opna, troppar barnehagen opp på Frelsesarmeen i Volda, og gir frå seg kleda. Då får dei også bollar, saft, sang og musikk som takk for innsatsen.

Barnehageassistent, Bjarte Lillebø, meiner dette er viktig lærdom for borna å ta med seg.

– Det er for å lære borna at det ikkje berre handlar om å få og få i jula. Det handlar også om å gi.