Sonja 75 år
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

Dronning Margrethe gav unge dronning Sonja kongelege råd

FREDENSBORG (NRK): Dronning Margrethe av Danmark har følgt sine nære vener kong Harald og dronning Sonja frå nabolandet gjennom 25 år. Då Sonja Haraldsen blei dronning fekk ho følgande råd frå sin danske kollega: «Ta det roleg, det ordnar seg».

«Dronningas kammer» har raude vegger dekte med måleri innramma i gull. På skrivebordet står fotografi av dei næraste. Frå hjørnekontoret på Fredensborg slott kan Hennar Majestet sjå utover den velhaldne slottsparken og innsjøen Esrum.

– Øydelegg grasklipparen lyden? spør 75-åringen når fotografen festar mikrofon og gjer klar til opptak.

Dronning Margrethe har nettopp hatt mottaking for ambassadørar i dei staselege salane vegg i vegg med kontoret. No sit den danske monarken og smiler i sin rokokkostol. Ho skal snakke om sine norske vener.

latter

LATTER: Dronning Margrethe roser kong Harald for humoren hans. Her frå Gardermoen i 2001, då Kongen henta den danske dronninga før bryllaupet til kronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit.

Foto: Fjeldstad, Knut / NTB scanpix

– Eg kan ikkje forstå at det er gått 25 år allereie. Samstundes er det som om dei alltid har vore der, seier dronning Margrethe om kong Harald og dronning Sonja.

Ein grå haustdag tek ho imot oss i haustresidensen sin utanfor København. Då NRK spurde om dronninga ville gi eit intervju i samband med det norske kongeparets 25 års regentjubileum, sa ho ja med ein gong.

– De ler godt saman?

– Det gjer vi. Han har ein vedunderleg humor og er glad i å le. Det gjer vi også mykje.

– Hand i hand

– Eg visste det var ei stor oppgåve, men eg hugsar eg tenkte at det kjem han til å klare godt, seier dronninga om då kong Harald tok over etter folkekongen Olav i 1991.

– Kong Harald er eit svært naturleg menneske. Han førestiller seg ikkje, han lèt ikkje som, han er som han er. Det gjorde også kong Olav. Han var også ein mann som evna å vere seg sjølv og møte folk naturleg.

OL på Lillehammer er ein av mange store arrangement dronning Margrethe har opplevd saman med kong Harald og dronning Sonja.

– Vinterleikane på Lillehammer var få år etter at Harald blei konge. Og då kunne ein merke at det var ein kjemperespons mellom konge og folk. Dei gjekk verkeleg hand i hand, seier dronninga.

OL Lillehammer

HAND I HAND: OL på Lillehammer viste at kongen og folket gjekk hand i hand, meiner dronning Margrethe. Her er dronning Sonja, dronning Margrethe og kong Harald på tribunen under kvinnenes stafett i 1994.

Foto: Gorm Kallestad

– Glad i kong Olav

Det er 44 år sidan dronning Margrethe sjølv, gråtande og sørgekledd, gjekk ut på balkongen på Christiansborg i København og forkynte sitt valspråk til det danske folk; «Guds Hjelp, folkets kjærleik, Danmarks styrke».

olav og margrethe

VENNER: – Eg var kolossalt glad i kong Olav, seier dronning Margrethe. Her har ho nettopp landa i Norge for å feire dåverande kronprins Harald sin 50-årsdag.

Foto: Hvaal, Morten / NTB scanpix

Ho var 31 år og hadde akkurat mista faren, kong Frederik IX. Det første statsbesøket hennar som dronning gjekk til kong Olav i Norge.

– Eg var kolossalt glad i kong Olav, seier dronning Margrethe.

Det var under statsbesøket i 1973 at den nye danske dronninga og den norske kronprinsessa verkeleg fann tonen. Begge likte å gå på ski. Det har ført til årlege langturar i norske fjell. Og eit nært vennskap.

Dronningmentor

– Eg beundrar verkeleg dronning Sonja si evne til å gå inn i det arbeidet ho har gjort og kome over dei vanskane som har vore, seier dronning Margrethe alvorleg.

– Då ho blei dronning, var ho svært klar over kva ansvar og plikt det var. Eg la merke til at ho gjekk inn i det med opne auge og ope sinn og var svært, svært ansvarsmedviten.

glade

NÆRT FORHOLD: Dronning Margrethe og dronning Sonja har blitt nære venner. Her er den danske dronninga på besøk i Oslo under ski-VM i Holmenkollen i 2011.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Dronning Margrethe kjenner godt til skepsisen hennar norske kollega vart møtt med då ho kom inn i det norske kongehuset. Det var ingen kvinner på slottet i Oslo den gongen. Den nye norske kronprinsessa fann to kongelege «mentorar» i Danmark – dronning Margrethe og hennar mor, dronning Ingrid.

– Eg veit ho spurte mi mor om råd. Eg har jo ikkje prøvd å vere svigerdotter i eit land, seier ho og ler.

– Kva råd kunne de gi?

– Når det er vanskeleg; ta det roleg, det ordnar seg.

Råd om strømper og hattar

Dronning Margrethe nøler litt før ho opnar meir opp om kva mentoren i København har bidrege med når kollegaen i Oslo har trunge støtte.

sonja og margrethe

FELLES INTERESSE: Dronning Margrethe og dronning Sonja opna felles kunstutstilling «Fra fjell og kyst» på Baroniet i Rosendal i fjor sommar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Menn kan klare seg med ei omkleding på ein halv time mellom programpostane, men som dame vil ein gjerne ha litt meir tid for å hindre at strømpene ryk når ein trekker dei på. Hatten skal sitje ordentleg og alt det der. Det snakka vi mykje om, dronning Sonja og eg. Eg sa; du skal seie at du treng meir tid! For sjølv om du er svært hurtig så blir du sprø om du ikkje har nok tid innimellom programpunkta til å få retta på antrekket, fortel dronning Margrethe og ler hjarteleg.

Om ho har gitt råd av større betydning enn strømper og hattar, vil ho ikkje går nærare inn i.

– Slottet er blitt ei perle

Dei kongelege venane har støtta kvarandre i med- og motgang i snart 50 år.

Blant motgangen trekkjer dronning Margrethe fram kong Harald og dronning Sonja sitt arbeid med å modernisere slottet på 1990-talet.

– Eg følgde med dei åra dei arbeidde med slottet og synest det var svært, svært spennande. Eg har jo gjennom heile mitt liv budd i vakre gamle hus som eg har vore med å prøve å få fram det beste i. Derfor synest eg det var så spennande å sjå korleis ho var med og fekk det til resultat.

– Eg veit godt at det var ein heil del vanskar rundt det. Men meininga var at det skulle bu folk i slottet. Slik at det verkeleg var eit sentrum. Det er ei glede å sjå kor vakkert slottet er restaurert innvendig. Både dei store representasjonslokala og dei private. Der gjorde dei noko stort for norsk kultur fordi slottet er ei perle. Det ligg der oppe på bakken og kan kanskje verke litt tilbaketrekt. Men dei har fått det til å leve så flott.

offisielt besøk

PÅ BESØK: Dronning Margrethe og prins Henrik av Danmark på offisielt besøk i Norge i 1992, året etter at Kongen og Dronninga blei signa.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

Blir aldri pensjonist

Denne helga er dronning Margrethe tilbake i Oslo, på slottet ho likar så godt. Ho skal feire sine vener og kollegaer. Og minne kong Olav som ho var så glad i.

Dronninga kjem åleine etter at prinsgemal Henrik gjekk av med pensjon ved nyttår. Det blir aldri aktuelt for verken henne eller det norske kongeparet, ifølgje dronning Margrethe.

SONJA 70 år

SONJA 70 ÅR: Ein smilande dronning Margrethe i fargerikt regntøy og gul sydvest under feiringa av dronning Sonjas 70-årsdag i Arendal i 2007.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– No har vi den tradisjonen i dei nordiske landa at vi abdiserer ikkje. Det trur eg er ein god tradisjon å halde på. Ein utviklar seg. Ein forandrar seg i forhold til det ein kan gjere, men det betyr ikkje at ein ikkje kan fylle rolla. Ein kan gjere mykje på ein litt annan måte enn ein gjorde i sin mest aktive alder. Men når ein stadig er så aktive som kong Harald og dronning Sonja, så vil eg seie at dette ikkje er noko å snakke om i det heile teke, smiler dronning Margrethe.

– Kjempejobb

Grasklipparen utanfor har for lengst stilna når vi avsluttar praten i «dronningas kammer». I det vi pakkar ned kjem ei siste støtte frå ein majestet til to andre:

– Eg håper det blir eit fint jubileum der ein i Norge kan glede seg og vere stolte av kongeparet. For dei gjer ein kjempejobb, dei to menneska.

gausdal

GAUSDAL: Dronning Margrethe er på årlege skiturar i Norge, gjerne saman med dronning Sonja. Her er ho i Gausdal med den norske kongefamilien og sønene prins Joachim og kronprins Frederik i 1979.

Foto: Hammerstad, Svein / NTB scanpix