Hopp til innhold

Politidirektoratet vil ha væpna reservestyrke i alle politidistrikt

Dei nye politidistrikta bør ha eige reservepoliti med våpen og same utstyr som vanlege politifolk. Det er rådet toppleiinga i politiet har gitt justisministeren.

Politi og dokument om Politireserven

RESERVEPOLITI: Politireserven bør minimum utstyrast med det same utstyret som ordinære polititenestemenn, meiner Politidirektoratet. Det vil mellom anna sei same uniform og våpen.

Foto: NTB/NRK

Politidirektoratet vil omorganisere dagens politireserve, og tilføre reservemannskap til dei tolv nye politidistrikta. Det kjem fram i eit dokument NRK har fått tilgang til.

Politireserven består i dag av 731 vernepliktige mannskap utan ordinær politiutdanning, men som kan bli kalt inn på lik linje med Heimevernet. Styrken har i liten grad blitt brukt i reelle oppdrag.

Mange vil leggje ned Politireserven

I slutten av mars gjekk Ap-toppane Hadia Tajik og Anniken Huitfeldt ut mot justisministeren å krevde heile Politireserven nedlagt.

– Dei er ingen reell ressurs. Det er på tide å leggje dei ned, sa Tajik til NRK.

Det er fleire som har tilrådd nedlegging av politistyrken. Eit utval kom i 2013 med ein rapport der dei uttalte at det er «uakseptabelt at Politireserven kan bevæpnes» og at «utstyret er til dels gammelt og dårlig».

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) i Justis- og beredskapsdepartementet sa til NRK i mars at Politireserven skal bestå, mellom anna fordi den bidreg til å styrke den totale beredskapen i landet.

– Bør ha same utstyr som vanlege politifolk

Politidirektoratet har nyleg sendt eit seks sider langt brev til justisministeren der dei kjem med sine tilrådingar.

Direktoratet meiner mellom anna at mannskapet i Politireserven minimum bør utstyrast med det same utstyret som ordinære polititenestemenn. Det vil sei same uniform, våpen og verneutstyr som skotsikker vest og hjelm.

Direktoratet meiner det beste alternativet er å organisere Politireserven inn under kvart enkelt politidistrikt i den nye strukturen som truleg blir vedteke av Stortinget før sommaren:

«Fordelene ved en slik ordning vil være at det enkelte politidistrikt på ledernivå over tid vil få langt større nærhet til denne ressursen. De faste mannskapene vil også gjennom felles treninger få et nærmere forhold til Politireserven,» står det i dokumentet NRK har fått tilgang til.

Det står også at «særlig i akuttsituasjoner, men også i planlagte aksjoner, er lokalskunnskap en fordel».

I dag er Politireserven lagt under Utrykkingspolitiet (UP) og er kun organisert på Austlandet.

Vil ha betre opplæring

Toppleiinga i politiet meiner Politireserven må få betre opplæring og ha hyppigare trening:

Anders Anundsen

BESTEMMER: Justisminister Anders Anundsen (Frp) har fått tilrådinga frå Politidirektoratet, men har ikkje bestemt seg for korleis Politireserven skal organiserast.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

«Det synes lite tvilsomt at særlig hyppigheten av trening må bli annerledes enn den er i dagens situsjon,» står det i dokumentet.

«Dersom Politireserven i fremtiden skal bli en reell forsterkningsressurs, er det viktig at enheten får en grunnopplæring og en vedlikeholdstrening som gjør den i stand til å være det,» står det vidare.

Blir langt dyrare

Politireserven har i dag eit budsjett på 3,5 millionar kroner årleg. Dersom forslaget til Politidirektoratet går gjennom, vil utgiftene auke betydeleg. Nytt utstyr til mannskapet vil truleg koste fleire millionar kroner, men direktoratet har ikkje klart å gi eit regnestykke på dette:

«De budsjettmessige konsekvenser av en videreføring av Politireserven har ikke vært mulig å få regnet ut på nåværende tidspunkt. Utgiftene vil uansett øke betraktelig i forhold til dagens 3,5 mill.,» står det i brevet.

Det er uvisst når Justis- og beredskapsdepartementet avgjer framtida til Politireserven.

Kjetil Sotmark om Politireserven

VIDEO: Kjetil Stormark, redaktør for antiterror-nettstaden Hate Speech International, uttalte i juli i fjor at Politireserven er ein fare for seg sjølv og andre. Politidirektøren vurderte å ta styrken i bruk under terrortrusselen sommaren 2014.

AKTUELT NÅ