I februar blei regjeringspartia saman med Venstre samde om ein politireform som skal omorganisere heile politi-Noreg. Dei blei også samde om å vidareføre Politireserven.
Det reagerer Arbeidarpartiet på, som ber justisministeren om å leggje ned heile styrken.
– Det er på tide. Mengden trening er for låg. Det er ikkje akseptabelt at Politireserven kan bere våpen når dei ikkje held ved like våpenkunnskapane, seier Hadia Tajik, leiar for Justiskomiteen på Stortinget.
– Utstyret dei har er gamalt, og er lagra på stader som gjer at responstida blir forlenga, seier Tajik vidare.
- LES OGSÅ:
– Andre kan overta oppgåvene
Anniken Huitfeldt, leiar for Forsvars- og utanrikskomiteen, meiner andre er betre i stand til å utføre oppgåvene til Politireserven.
– Eit modernisert sivilforsvar samt eit moderne heimevern kan løyse oppgåvene betre, seier Huitfeldt til NRK.
– Politireserven har ikkje vore i akutt innsats i seinare tid. Regjeringa manglar ein god grunn for å oppretthalde ein politireserve som ikkje er godt nok utrusta, og som i liten grad er trent for oppdraget det er tenkt at dei skal løyse, seier Huitfeldt.
Det er fleire som har tilrådd nedlegging av politistyrken:
- Rapporten «NOU 2013:5 Når det virkelig gjelder» meiner Politireserven ikkje er ein reell ressurs.
- Politidirektoratet støttar vurderingane i NOU-en, og har gått inn for å nedlegging.
Utvalet bak NOU-rapporten meiner det er «uakseptabelt at Politireserven kan bevæpnes» og at «utstyret er til dels gammelt og dårlig».
– Justisministeren føreslår i politireforma å oppretthalde Politireserven, men gir ingen argument for å gjere det. Det er uklart kvifor han i ein reform som er meint å gjere politiet betre rusta for framtida, likevel vel ei så lite framtidsretta løysning, seier Tajik.
«Skal være en ressurs»
I proposisjonen til Stortinget, som blei sendt 6. mars, skriv Justis- og beredskapsdepartementet at «forslaget om å legge ned Politireserven har fått bred støtte». Men det bryr ikkje regjeringa seg om:
«Politireserven skal være en ressurs som kan styrke politiets kapasitet når det er særlig behov for det. Etter departementets mening bør en se på hvordan denne ressursen kan utnyttes bedre, fremfor å gå inn for nedleggelse».
Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) slår fast at Politireserven skal bestå, fordi den mellom anna bidreg til å styrke den totale beredskapen i landet.
«Det er politiet som må vurdere hvordan den best kan benyttes. Derfor har Politidirektoratet fått i oppdrag å utrede nærmere hva politireserven kan brukes til, dimensjonering av styrken og behov for utstyr og opplæring. En utredning om dette er ventet i begynnelsen av april», skriv Brein-Karlsen i ein e-post til NRK.