Hopp til innhold

– Ikkje oppsiktvekkande at han seier dette

Mulla Krekars forsvarer seier at utsegna som han kjem med i eit NRK-intervju i dag ikkje er oppsiktsvekkande. – Han har ingen mål om å bli populær i Noreg, seier Meling.

Brynjar Meling er mulla Krekars forsvarer

Sjå Brynjar Meling om Krekar-intervjuet. Frå Dagsnytt 18.

– Det som hadde vore oppsiktsvekkande hadde vore om han sa noko anna enn det han seier no. Dette er ting han har sagt til dei som har ville høyre på tidlegare, seier Brynjar Meling som er mulla Krekar sin forsvarer.

Det er i eit stort NRK-intervju at Krekar mellom anna seier at dei som teiknar profeten Muhammed fortener å døy. Han seier også at ingen krenkingar mot islam vil bli tolerert, og at dei bør møtast med bomber.

Mulla Krekar og bror Khalid Faraj Ahmad

Då mulla Krekar slapp ut av Kongsvinger fengsel i slutten av januar viste han fram eit teppe som han hadde laga til dei innsette og tilsette ved fengselet.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Ikkje mål om å bli populær

Meling seier Krekar har kome med liknande utsegn i både avhøyr og retten.

– For han så er dette slik han tolkar islam, og for han ville det vore kontroversielt å seie noko anna enn slik han tolkar islam, seier Meling.

– Har han innsikt til å forstå og sjå at slike utsegn kan skade han?

Han har ikkje mål om å bli populær i Noreg, eller styrke sin sak i Noreg. Også er det eit val at han går ut med desse intervjua, og det er nok grunn til å tru at det kan få negativ effekt, seier Meling.

Forsvararen ønskjer ikkje å seie noko om mogleg straffeforfølging av utsegna som Krekar kjem med NRK-intervjuet i dag.

Laster Twitter-innhold

Visste ikkje om intervju

Forsvararen var ikkje klar over at mulla Krekar hadde sagt ja og stilt opp til intervju med NRK. Det fekk han først vite i dag.

– Han seier at han berre har svart på spørsmål og sagt korleis han meiner islam skal bli forstått.

– Skulle du ønske at du hadde visst om intervjuet?

– Hadde eg vore hans pressetalsmann, så trur eg mykje av det som har vore hans sak dei siste åra hadde vore unngått. Men eg har velt å ikkje gå inn i den rolla.

Meling meiner norsk media er med på å bygge mulla Krekar opp og drar nytte av kvarandre.

– Det er ein gjensidig kurtise som er til gjensidig nyttelse, meiner Meling.

AKTUELT NÅ