Hopp til innhold

Vil lære fleire å symje

Kunnskapsdepartementet ønskjer at kommunane tar eit krafttak for å lære nykomne minoritetsspråklege elevar i grunnskulen å symje. Kravet er at alle elevar skal kunne symje når dei går ut av fjerde klasse, men mange framandspråklege manglar heilt slik opplæring. No får kommunane i Møre og Romsdal 250 tusen kroner ekstra til denne opplæringa frå hausten av.