Hopp til innhold

– Dette ferjesambandet fungerer svært godt

Trafikken minkar mellom Hundeidvika og Festøya og det er fare for at ferja kan forsvinne. Fylket har i første omgang tenkt å ta bort turar om kvelden.

Trafikken minkar mellom Hundeidvika og Festøya og det er fare for at ferja kan forsvinne. Fylket har i første omgang tenkt å ta bort turar om kvelden. Planane om ferjekutt vert dårleg motteke blant dei som nyttar dette sambandet.

Sterke reaksjonar på ferjekutt

Då NRK reiste med ferja mellom Hundeidvika og Festøy i dag, var vi dei einaste passasjerane om bord.

Rolf Nygård

Rolf Nygård kan fortelje at det av og til er godt med bilar på ferja.

Foto: Besnik Zogaj / NRK
Kjell Lindvik

Kjell Lindvik har stor nytte av ferja mellom Hundeidvik og Festøy.

Foto: Besnik Zogaj / NRK
Frank Vatnehol

Frank Vatnehol får ein lenger køyreveg om ferja forsvinn.

Foto: Besnik Zogaj / NRK
Petter Lyshol

Petter Lyshol er ordførar i Sykkylven.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Akkurat no var det god plass. Men dette kan variere, seier skipper Rolf Nygård.

– Veldig greitt

Det er ikkje berre vogntog og annan yrkestrafikk som tek denne ferja. Også ein og annan privatbilist er å sjå.

Eg tykkjer det er veldig greitt å ha dette sambandet. Då har vi fleire alternativ når vi skal reise mellom Sykkylven og Ørsta/Volda. Dette sambandet fungerer veldig bra for meg, seier Kjell Lindvik. Han køyrer om bord på eit elles tomt ferjedekk.

– Lenger turar

Til enkelte tider er det mykje godstransport på ferja. Store vogntog køyrer om bord på fleire av avgangane. Og ikkje alle ser noko særleg godt alternativ om ferja blir borte.

Nei, det kjem til å ta lenger tid på kvar tur. Og det kjem til å bli dyrare. Vi får køyre mindre på ein dag, seier Frank Vatnehol. Han køyrer vogntog for kartongprodusenten Peterson.

Nedgangen i trafikken mellom Hundeidvik og Festøy har til no i år vore på 12 prosent. I statistikken blir store vogntog rekna om til småbilar, og talet no ligg på 160 bilar kvar dag.

– Vil heller ha meir trafikk

I første omgang er det aktuelt å stoppe ferjeavgangane noko tidlegare på kvelden enn det som er tilfelle i dag.

Det verste som kan skje er at vi får ein dårlegare frekvens på ferja. Det vil føre til mindre trafikk. Vi ønskjer at det skal bli meir trafikk slik at dette skal bli ei stabil strekning, seier ordførar i Sykkylven, Petter Lyshol.

– Bru eller tunnel

No startar kampen for å bevare ferjestrekninga mellom Hundeidvik og Festøy.

Skal ferja leggjast ned må det kome eit betre alternativ først. Då snakkar vi enten om bru eller om tunnelar. Vi må dit om vi skal stoppe ei ferjestrekning, seier Lyshol.

Vurderer å kjøpe ferje

I ei anna sak her hos NRK Møre og Romsdal varslar Vartdal Plast at dei vurderer å kjøpe ei eiga ferje om sambandet mellom Hundeidvik og Varddal blir lagt ned. Dei seier at dei er heilt avhengige av ferjesambandet.

– Vi utelukkar ikkje at det kan vere aktuelt for oss å kjøpe ei ferje, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal til Møre-Nytt.

Fylkeskommunen effektiviserer

Denne veka la fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik fram forslaget til fylkesbudsjett for 2014. Det er i denne samanhengen av nedlegging av ferjeruter har kome opp. Fylkesrådmann.

I budsjettetforslaget legg fylkesrådmannen opp til fleire investeringar, mellom anna i skulebygg. Lånegjelda blir auka frå 3,3 milliardar kroner til 4,7 milliardar. For å forsvare dette, må ein del driftsutgifter ned. Og eitt av områda fylkeskommunen vil kaste auga på i så måte er samferdslesektoren.

– Vi nemner to aktuelle ferjeruter som eksempel for å få eit budsjett i balanse. Vi må også sjå på kor mange som brukar desse strekningane. Vi ser at bruken er liten. På desse strekningane er det også mogleg å velje alternative ruter, sa Ottar Brage Guttelvik då ha la fram budsjettforslaget.

Kvernes

Det er bilferja Kvernes som i dag trafikkerer strekninga mellom Hundeidvik og Festøy.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL