– Han har terrorisert turstien lenge, og folk er rett og slett livredde. Han går til åtak på alle som bevegar seg inn på området hans, fortel Synnøve Dalen.
Ho går sjølv ofte tur ved Østremsetra og såg seg lei av den innpåslitne tiuren. Då fekk ho ein idé. Dalen hadde nemleg sett ei røy (kvinneleg storfugl) som gjekk og trippa ved Eikenosvågen, om lag 17 km frå Østremsetra i Ålesund.
– Eg tenkte at det kanskje var snakk om tapt kjærleik, så eg ville prøve å flytte ho dit, i håp om at det ville roe tiuren, fortel ho.
- Les også:
Saka held fram etter videoen.
«Kirsten Giftekniv»
Dalen tok på seg rolla som «Kirsten Giftekniv» og brukte ikkje lang tid før ho fann den kontaktsøkande røya.
– Ho gjekk roleg rundt beina våre, så det var berre å løfte henne opp. Mannen min køyrde bilen, og eg sat med ho på fanget heile turen. Eg trur ho likte bilturen, seier Dalen og smiler.
Vel framme ved Østremsetra sette dei røya fri.
– Det var ingen spor av tiuren, så vi gjekk ein tur på setra. Då vi kom ned att kom tiuren flaksande mot oss og røya var vekk, så det vart ikkje heilt den lukkelege gjenforeininga vi hadde tenkt, fortel Dalen.
- Les også:
Einsemd eller heftig ekteskap
Likevel er det framleis håp om ein lukkeleg slutt på denne unike kjærleikshistoria. Dalen kontakta ornitolog Alv Ottar Folkestad for å høyre om flyttinga var ein god idé.
– Ifølgje han kan fuglane høyre kvarandre på lang avstand, slik at dei finn kvarandre dersom dei vil og kjærleiken er der, fortel Dalen.
Så langt er det ingen som veit om dei to fuglane har funne tonen.
– Han har nokre «sjarmerande» augneblink der du bør halde deg langt unna, så eg skjønner det godt om ho stikk av. Vi får sjå om det blir singellivet eller heftig ekteskap på dei to, seier Dalen og ler.
- Les også:
Unikt samantreff
Morten Ree, ved Norsk Ornitologisk Forening, fortel at den aggressive tiuren truleg er «spelgal». Åtferda skuldast ei hormonforstyrring hjå tiurane, og varer ofte frå april til godt ut i juni. Tiuren blir mindre sky og angrip alt som dukkar opp, både med og utan fjør.
Ree er overraska over at røya var så roleg at Dalen både fekk fanga og transportert ho til Østremsetra.
– Storfuglar er normalt svært sky, så dette er veldig spesielt. Ei tam røy, og ein spelgal tiur i det same området er ganske unikt.
Ree meiner at Dalen gjorde rett i å føre dei to fuglane saman.
– Tiuren er truleg i paringsmodus, og røya kan føle behovet for å leggje egg dersom ho ikkje har gjort det enno.