Tanken på at åtte tonn snø, tilsvarande fem-seks småbilar, kvilte på hyttetaket, fekk fart på Løset og kona i Volda søndag.
Først gjekk dei halvannan time på ski i djupsnøen for å kome seg fram til hytta på Lisjebøheida i Dalsbygda i Volda. Så måtte dei gje seg i kast med dei enorme snømengdene på hyttetaket.
– Eg var sliten av å trakke løype i snøen, og i går var det tungt å gå, men det var berre å ta spaden og begynne, seier Løset og ler. Han rekna sjølv ut kor mange tonn som tyngde taket, før han gjekk laus på arbeidet.
Les også:
Ber om at det sluttar å snø snart
Dei siste dagane har det snødd tett fleire stader i landet, til glede for skientusiastar, men også til uro for mange hytteeigarar.
Ivar Hagen (59) har hytte på Folkestadsetra i Volda, og brukte også søndagen til å måke taket.
– Eg hadde snø nesten opp til livet, seier han, og fortel at han ikkje kan huske å ha sett så mykje snø på setra.
For å i det heile tatt kome seg opp på hyttetaket måtte han til med gardintrapp.
– Det kan berre slutte å snø no, vi har ikkje bruk for meir, seier Hagen og ler.
Ber folk sjekke hyttene sine
Forsikringsselskapa ber folk om å sjekke hyttetaka sine, etter dei store nedbørsmengdene dei siste dagane.
Ein gamal tommelfingerregel er å måke taket når snømengda overstig ein halv meter. Nyare hytter, bygde etter 1980, toler gjerne meir, opp i 1,20 meter tørr snø, ifølgje Direktoratet for byggkvalitet.
Skadesjef Sindre Vasset i Møretrygd seier dei ikkje har fått inn meldingar om knelande hyttetak, men seier folk bør vere obs. Store snømengder kan føre til avkortingar av forsikringsutbetalingar, om hytta eller taket kollapsar.
– Folk må følgje med og måke der det har kome veldig store mengder. Snakk med kommunen, lokalkjende, naboar og andre, som veit kor mykje hyttene i området skal tole, seier han.
Lite regn i sikte
Dei neste dagane er det meldt litt regn, og det er nettopp regnvêret som er den store skrekken for dei som no har store mengder snø på taka sine.
– Det vi er redde for er jo at det kjem regn, då kan snøen bli liggande som ein svamp å ta opp fukten, og då kan jo hytta kollapse, seier Løset.
Undervegs i arbeidet på hyttetaket fekk han servert både pølser og brød frå resten av familien, for jobben var ikkje gjort i ei handvending.
– Det var heilt frykteleg. Eg blei veldig overraska over at det var så mykje der, det var langt over hovudet mitt, seier Løset.