Hopp til innhold

Twittertabbe frå politiet

Politiet på Nordmøre og Romsdal fortalde på Twitter om dødsulukke to timar før dei pårørande var varsla. Politimeisteren kallar det ei tabbe.

Bilete av Twitter-tabbe frå politiet

Nordmøre og Romsdal Politidistrikt seier seg lei for Twittertabbe

Foto: Arild Pettersen/NRK

Om ettermiddagen fredag 6. januar kolliderte to bilar på Eide på Nordmøre. Ulukka førte til at ein 77 år gamal mann omkom.

Politiet på Twitter

Politiet i Nordmøre og Romsdal har tatt i bruk den sosiale nettstaden Twitter i kommunikasjonen med omverda. Fredag ettermiddag kom desse meldingane:

  • Klokka 15:52:
    Trafikkulykke på FV279 ved Sørsetbrua
  • Klokka 16:21:
    En person er omkommet i ulykken i Eide. En person er brakt til Molde sykehus med lettere skader. Ingen flere involvert.

Først etter klokka 18 blir dei næraste pårørande til 77-åringen varsla om kva som har skjedd. Det er nesten to timar etter at politiet la ut twittermeldinga, slik at alle kunne sjå det.

Arnstein Nilssen

Politimeister Arnstein Nilssen, Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Foto: Roar Halten / NRK

Politimeister Arnstein Nilssen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt vedgår at dei blei litt vel ivrige på den sosiale nettstaden.

– Vi skal ikkje varsle om ei dødsulukke før dei pårørande er varsla. Dette er veldig viktig, og vi vil prøve å rette opp dette for ettertida, seier Nilssen.

Bra med Twitter-politi

Twittringa er eit prosjekt operasjonssentralen nyleg har byrja å prøve ut. Og det meiner medievitar Erling Sivertsen ved Høgskulen i Volda også at dei absolutt bør gjere.

Erling Sivertsen

Medievitar Erling Sivertsen ved Høgskulen i Volda

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er positivt at politiet prøver ut dei sosiale mediene, men politiet må jo vere veldig nøye med å følgje dei retningsliner dei har for varsling av pårørande, seier Sivertsen.

Vil halde fram

Politimeister Arnstein Nilssen seier politiet legg seg flat for kritikken i samband med denne saka. Han vil gjennomgå rutinane for Twitterbruken. Likevel vil ikkje politiet slutte med å bruke sosiale media.

– Nei, det trur eg ikkje. Vi ønskjer å vere i kontakt med publikum på den sosiale måten som Twitter er, og vi vil fortsette med det. Vi må no ettergå våre rutinar og gjere dette så korrekt som muleg, seier Nilssen.