Hopp til innhold

Trur ikkje på trynefaktor

Skulane i Møre og Romsdal stoppar forsøk med anonym retting av prøver etter at det viste seg at det hadde null effekt.

Klasserom

Fleire elevar meiner trynefaktoren bestemmer kva karakterer dei får på prøver. Lærarane har gjort eit forsøk med å rette anonymt, men no vil ikkje Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal meir.

Foto: Keilen, Berit / NTB scanpix

Etter påtrykk frå blant anna Elevorganisasjonen vart anonym retting av prøver innført i fleire vidaregåande skular over heile landet. Dei er redde for at trynefaktoren i stor grad bestemmer kva karakter læraren gir ein elev.

No meiner Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal fylke at forsøket var forgjeves, melder Utdanningsnytt .

Provoserte lærarar

Sjølv om vedtaket om anonym retting av prøver vart møtt med massive protestar frå lærarane, gennomførte dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal ei slik prøveordning ved terminprøve før eksamen i engelsk på Vg1 og i norsk på Vg2 i skuleåret 2012/13.

Mange lærarar følte seg provoserte og såg på vedtaket som manglande tillit.

No snur Møre og Romsdal, fordi skulane har rapportert inn at skilnadane på anonym og kjent retting ikkje er signifikant målbare.

I evalueringsrapporten står det blant anna:

«Alle skolene melder at det ikke er signifikante avvik mellom anonym retting og ordinære prøvesituasjoner. Rapporten sier at det ikke er noe som tyder på at vurdering og karaktersetting ikke blir gjennomført på en profesjonell og rettferdig måte.»

Les også:

Ikkje overraska

I tillegg slo rapporten fast at skulane brukte ekstra tid på å administrere ordninga med anonym retting.

Leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, seier til Aftenposten at funna i rapporten er som forventa.

Ragnhild Lied

Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet meiner det bør vere opp til kvar enkelt lærar korleis dei rettar prøvene til elevane sine.

Foto: Utdanningsforbundet

– Vi har sagt heile vegen at politikarane ikkje skal blande seg i korleis lærarane gjer dette.

Ho fortel at deira erfaring er at lærarane bruker ulike metodar, for eksempel anonym retting eller at dei rettar for kvarandre.

– Men dette må vere opp til kvar enkelt lærar.

Med anonym retting får heller ikkje læraren følgje utviklinga til kvar enkelt elev, for å kunne gi dei individuell tilbakemelding, poengterer Lied overfor Aftenposten.

– No er det slått fast at det i tillegg ikkje har noko effekt, og det er tidkrevande.

– Konkluderer for raskt

Truls Sætrang, som er politisk nestleiar i Elevorganisasjonen, meiner Møre og Romsdal konkluderer for raskt.

– Vi synest det er veldig raskt å trekke tilbake forsøket etter berre eitt skuleår, og at avgjerda er teken på tynt grunnlag. Vi meiner anonym retting er ei meir rettferdig form for vurdering, uttalar han til Aftenposten.

Han held fast på at trynefaktoren ikkje er ein myte.

– Nei, det har vi faktisk ganske godt grunnlag for å seie at den ikkje er. I ei undersøkjing vi gjorde blant elevar følte fleirtalet at karakterane deira hadde vorte påverka av trynefaktor.

Undersøkjinga han viser til, vart gjennomført i fjor, og sju av ti elevar svarte ja til anonym retting av prøver. Undersøkjinga Utdanningsforbundet har gjort viser at lærarane seier at elevane ikkje er opptekne av å få prøvene retta anonymt.