Hopp til innhold

Trua politiet med å tygge av dei hovuda og ete dei levande

Ein mann frå Trøndelag må svare i Nordmøre tingrett for vald og truslar mot politiet og ei hotellvakt.

Nordmøre tingrett

Ein mann er mellom anna tiltalt for vald og truslar mot to politibetjentar.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Det var i november i fjor at politiet blei tilkalla til eit hotell i Kristiansund etter at ein hotellgjest skapte trøbbel.

Ifølgje tiltalen frå Nordmøre tingrett skal mannen frå Trøndelag ha slått nattevakta på hotellet fleire gongar i hovudet, samt kasta stearin i ansiktet hans.

Nattevakta skal i tillegg ha blitt påført eit kutt over høgre augebryn som måtte bli teipa.

Sparka politibetjent i magen

Då politiet prøvde å arrestere mannen i midten av 30-åra gjekk han ifølgje tiltalen til angrep på dei to politibetjentane og sparka ein av dei i magen. Han skal også ha kome med truande utsegn mot dei to.

Ifølge tiltalen skal mannen mellom anna ha sagt at han skulle tygge av dei hovuda og ete dei levande.

Mannen blir difor også tiltalt for vald mot offentleg tenestemenn og er i tillegg tiltalt for brot på straffelova (1902) § 229, 127 og 326.

Saka skal opp i Nordmøre tingrett i midten av april.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL