– Førar av motorsykkelen er bekrefta omkomme, og me har sett i verk varsling av familie, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund i Nordmøre og Romsdal til NRK klokka 17.14.
Dei involverte i ulykka var ein lastebil som kom fra Åndalsnes og kjørte mot Dombås, og ein personbil og ein motorsykkel som kom motsatt veg.
– Det blir etterforsking av saka. Det kan tyde på at tilhengaren til lastebilen har vore over i motsett køyrefelt, seier Gjøsund til NRK.
Statens havarikommisjon for vegtransport er varsla og vil setje i verk undersøkingar saman med politiet.
Vegen var lenge stengt
Det var klokka 14.47 at fekk politiet melding om at det hadde skjedd ei ulykke på E136 mellom Trollveggen og Horgheim i Romsdal.
– Luftambulanse er på staden, og det har blitt gjort livreddande førstehjelp på motorsykkelsjåføren, sa operasjonsleiar Sigvart Sivertsen til NRK klokka 15.50.
Vegen var lenge stengt, og det var kø i området. Det vart sett opp skilt på Vestnes og Dombås, og det var mogeleg å køyre om Oppdal.
– Det er no delvis stengt veg. Dei har sloppe eitt felt forbi ulykkesstaden og dei vil no også sleppe forbi det andre feltet, seier Gjøsund til NRK klokka 17.14.
Like før klokka 20.00 melder politiet at vegen igjen er open.
– Hadde englevakt
Fred Karusbakken var på veg heim frå hytta og sat i bilen som vart treft av hengaren på lastebilen. Han kom frå ulykka utan skade.
– Eg hadde englevakt til tusen, seier Fred Karusbakken der han står ved sida av bilen sin.
– Eg er glad eg ikkje hadde nokon med i bilen, seier han.