Hopp til innhold

Trafikkulukke på Atlanterhavsveien

Ein bil har hamna på taket og ein person er lettare skadd etter ei trafikkulukke på fylkesveg 64 ved Strømsholmen. Nordmøre og Romsdal politidistrikt opplyser at dei har beslaglagt førarkortet til sjåføren, som var den einaste personen i bilen. Grunnen til ulukka skal vere aktlaus køyring.