Hopp til innhold

Tiåring opna Moldes nye stupetårn

Det var kaldt i vatnet då det nye stupetårnet på Retiro i Molde vart offisielt opna. Ein tiåring fekk ta første hoppet.

Det var kaldt i vatnet då det nye stupetårnet på Retiro i Molde vart offisielt opna tidlegare i dag.

SPREK TIÅRING: Oliver Clausen-Bekken stod for innviingshoppet av det nye stupetårnet.

Det var ti år gamle Oliver Clausen-Bekken som fekk innvie det lenge etterlengta stupetårnet i Molde. Clausen-Bekken hoppa frå tre og ein halv meter, men innrømte at det var ei heller kald oppleving.

– Det er litt kaldt, hutra Clausen-Bekken.

Han sprang likevel villig fram då ordførar Torgeir Dahl spurde om han klarte eit hopp til.

Ordførar stod for bandklippinga

Det er ved Retiro i Molde det nye stupetårnet står. Ordførar Torgeir Dahl stod for bandklippinga, og skulle gjerne også stått for opningshoppet.

Torgeir Dahl under opning av stupetårn i Molde

BANDKLIPPING: Ordførar Torgeir Dahl stod for bandklippinga under opninga.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg har ein infeksjon, så då kan eg dessverre korkje hoppe eller stupe, men om eg var frisk skulle eg gjort det. Det hadde kanskje vore litt meir morosamt det, seier ordføraren.

Etter å ha sett testhopparen hoppe, kunne han likevel seie seg nøgd.

– Det fungerer veldig bra, og no ser vi at det er trygt. Det er flott, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL