Hopp til innhold

Sunnmøring i Riksdagen

Cecilie Tenfjord-Toftby frå Tennfjord i Haram er innvald i den svenske Riksdagen for partiet Moderatarna.

Cecilie Tenfjord-Toftby

Cecilie Tenfjord-Toftby er innvald i den svenske Riksdagen.

Foto: Emilia Öije

Ho har også tidlegare møtt som vararepresentant for Moderatarna, som tilsvarer norske Høgre, men no er ho vald inn på fast plass.

– Fantastisk

– Det er fantastisk å bli innvald i Riksdagen. Frå området vårt her får vi truleg inn tre mandat. Det har aldri skjedd før, så no når eg reiser opp til Stockholm kjenner eg ei fantastisk støtte frå dei som har stemt på meg og på partiet, seier Tenfjord-Toftby.

Cecilie Tenfjord-Toftby bur med sin svenske mann og familie i Borås i Sverige.

Miste fleirtalet

Den borgarlege alliansen miste fleirtalet, trass i brakvalet for Moderatarna. Sverigedemokratarna, som blant anna profilerer seg på ønskjet om ein restriktiv flyktinge- og innvandringspolitikk, fekk inn 20 mandat i Riksdagen.

– Det er ikkje bra. Det kjem til å bli fire vanskelege år, seier Tenfjord-Toftby, som ikkje trur det blir aktuelt å samarbeide med Sverigedemokraterna.

– Eg trur det er miljøpartiet vi kjem til å søke samarbeid med.