Hopp til innhold

Stal klede for 300.000 kroner

Tjuvar har brote seg inn i klesforretning i Ålesund og tatt eksklusive klede. Butikkeigaren seier at tjuvane visste nøyaktig kva dei var ute etter.

Innbrot i klesbutikk

Det er stole klede for store summar frå denne forretninga i Ålesund i natt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Innbrudd i klesforretning i Ålesund

Tjuvane har knust eit vindauge hos Chic Me og tatt eksklusive klede.

Foto: privat

Det var klokka 03.30 i natt at politiet vart varsla om innbrotet. Tjuvane har kome seg inn i forretninga ved å knuse eit vindauge. Ifylgje politiet har dei fått med seg kostbare klede til ein verdi av rundt 300.000 kroner. Vitne såg at tjuvane forsvann i ein bil.

– Vi har funne bilen, men leitar framleis etter personane, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt.

Glasbrot overalt

Butikkeigar Jannicke Grønnigsæter Monsen vart ringt opp av politiet i natt og fekk beskjed om at det hadde vore innbrot i butikken hennar.

– Det var eit trist syn som møtte oss. Det var glasbrot overalt. Tjuvane hadde kasta ein hammar gjennom vindauget, seier Grønningsæter Monsen.

Ute på fortauet låg det klede som tjuvane hadde mista undervegs.

Stal dyre merker

Butikkeigaren er ikkje i tvil om at personane visste kva dei var ute etter. Dyre jakker og skjorter av eit spesielt merke er borte.

– Det er nok stole verdiar for mellom 300.000 og 400.000 kroner, seier butikkeigaren.

Ho har fått vite av politiet at dei har funne kleda, men ho veit ikkje om dei er øydelagde. No må ho vurdere kva dei skal gjere for å unngå fleire slike innbrot.

Ber om hjelp

Politiet driv taktisk og teknisk etterforsking. Dei har spor å gå etter, men Ødegård vil ikkje seie om innbrotet kan vere fanga opp av overvakingskamera.

– Vi er interesserte i å kome i kontakt med vitne, seier Ødegård.

Kostbare kledetil 300 000 kroner vart i natt stole frå ein klesbutikk i Ålesund sentrum. Tjuvane vart sett, og politiet fann bilen deira, men så langt er ingen pågripne