Hopp til innhold

Slik tar du bilete til julekortet

Det kan fort gå ei kule varmt når ungane skal samlast for å ta det tradisjonelle biletet til årets julekort. Resultatet kan sjå idyllisk ut, men mange foreldre har erfart at vegen dit kan vere lang og kronglete.

Jente og fotograf i studio

Fotograf Aida Kjerstad Urkedal instruerer før eit nytt motiv skal forevigast. Mange legg mykje arbeid i julekorta.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

– Har du lyst til å køyre kjelke? Rett ut beina litt – og fortel meg kva som er favorittsjokoladen din! Kan du seie eit gøy ord? No kan du køyre kjelke, og tenk deg at det går kjempefort!

Julekort på vegg

Også julekort følgjer trendar, og no vil mange ha kort i nostalgisk stil. Hos fotografen heng døme som kundane kan sjå på.

Foto: Charlotte Ervik / NRK
julekort

Dersom biletet ikkje ber for mykje preg av jul, kan det gjerne henge oppe lenger enn i desember.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Det er god stemning i fotostudio til Aida Kjerstad Urkedal på Lerstad i Ålesund. Seint i november er høgsesong for fotografen, som har familifotografenring som eit av sine spesialfelt. Dei siste dagane har ho hatt ope for familiar som vil ta bilete til julekort, og ho merkar stor pågang.

– Dei som kjem til meg no er gjerne familiar med ein eller to eller tre barn, som vil ha eit godt bilete til julekortet, seier Urkedal.

fotograf stiller lyset i studio

Rett lys er viktig for at bileta skal bli gode. Aida Kjerstad Urkedal gjer klar for neste kunde.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Sjølv om mange har godt fotoutstyr heime og gjerne kan ta gode bilete sjølve, er det mange som ønskjer profesjonell hjelp.

– Det er mange som har prøvd heime først, og så kjem dei hit. Det å få samla alle, få merksemda til tre barn samtidig som du skal trykke på knappen på kamera, det er ei utfordring – det veit alle som har prøvd, seier fotografen.

– Viktig å vere opplagt

Dagens kunde måtte avlyse i siste liten. Ein telefon frå mora avslører at barnet som skulle forevigast er både trøytt og sutrete – då er det like godt å vente, meiner Kjerstad.

Fotograf tar bilete av jente

– Kan du kaste denne til meg, spør fotografen. Det må klovnast litt for å få fram det rette uttrykket.

Foto: Charlotte Ervik / NRK
Fotografering i studio

Denne dagen er det dottera Sunniva som skal fotograferast. Ho følgjer tolmodig med når mor instruerer.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

– Det er kjempeviktig at ungane er opplagde, elles blir det ikkje noko kjekk oppleving, og det skal det jo vere, seier ho.

Sjølv ivrar Kjerstad for at forelder skal vere med på bileta – enten dei blir tatt heime eller hos fotograf.

– Eg oppmuntrar alltid foreldra til å vere med, seier Urkedal. – Av og til lurer eg dei med også, sjølv om dei ikkje hadde tenkt det.

Ho fortel at ho gjerne ber foreldra vere med på eit par bilete først, for å skape tillit hos barnet.

– Og sjølv om dei eigentleg ikkje hadde lyst, så blir dei gjerne veldig fornøgde etterpå og seier at dette var gøy. Det er veldig team-byggande for ein familie å ta bilete i lag.

– Kvifor trur du mange foreldre vegrar seg for dette?

Fotografering

– Kan du seie eit gøy ord? Finn eit ord på i – då får du så fint smil, seier fotografen.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

– Det er nok mange som tenkjer at det siste bilete dei vil sjå av seg sjølv er brudebiletet, og etterpå får dei rynker. Men når bileta først er tatt, syns dei oftast dette er kjempebra, sjølv om dei ikkje planlagt det eller ordna seg. Og kanskje er det nettopp difor det det blir bra, at det blir spontant og avslappa.

Sjølv om det kan vere krevjande å få tre og fire ungar til å samarbeide, er det ikkje det som er den største utfordringa i studio. Urkedal har sjølv fire barn og har lært seg korleis ho skal snakke til barn for å få dei til å slappe av og vere med på leiken. Då er det noko heilt anna med dei vaksne.

– Forelder er gjerne så opptatt av at barna skal vere fine, at dei gløymer seg sjølve. Så då må eg seie at no må du passe på deg sjølv, så tar eg meg av barna.

Meir enn eit julekort

Fotografen framfor arbeidsbordet

November og desember er hektiske for fotografen. Etter fotografering er det etterarbeidet som gjenstår. ––– Mange brukar lang tid på å bestemme seg for bilete, seier Kjerstad.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Mange hentar fram nisseluer og granbar når dei skal knipse julekortbiletet. Dette syns Urkedal er greitt, men ho oppmodar folk til å også leite etter motiv som varer litt lenger enn til romjula.

– Kunden får sjølvsagt bestemme, men eg likar gjerne å ta bilete i ein litt lite julete stil. Og det er jo mange som ønskjer å ta vare på korta dei får, og ta dei fram igjen og bla i dei. Eg tenkjer gjerne at dette er eit slags historisk dokument, og ikkje berre noko som er bruk og kast. Det er eit tidsbilete, som kan vere viktig for familien seinare.

Hennar eiga familie gjer dette kvart år, og set pris på å kunne sjå tilbake på bileta også seinare.

– Hadde vi ikkje sett av den tida og hatt eit mål om å få sendt ut julekort, så hadde ikkje biletet blitt tatt. Så sånn sett er det eit positivt press. Og om du ikkje rekk å lage julekorta, kvifor ikkje lage nyttårskort? Det er heilt lov, eg syns absolutt at folk skal senke krava til seg sjølv og kva dei skal rekke i førjulstida.

Saknar meir leikne bilete

– Eg tenkjer at folk skulle lagt meir vekt på å finne ein god tone når dei tar bilete, enten det er heime eller her, seier Urkedal. – Det treng ikkje vere heilt stroke, tenk at de skal leike og ha det gøy, det viser igjen på resultatet.

I fotostudioet finst det både gamle dører og koffertar i tillegg til ulike bakgrunnar for bielta. Koffertane blir gjerne brukt til å la ungane balansere på, for å få dei til å slappe av og få det rette uttrykket for eit avslappa bilete.

familieportrett på motorsykkel

Mannen til Aida Kjerstad Urkedal stilte krav om motorsykkel på julekortet i fjor. Det blei det.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

For mange fedrar er det likevel motorsykkelen som er den mest spennande rekvisitten. Og då fotografen skulle ta fjorårets familiebilete, insisterte mannen hennar på at Harleyen skulle med.

– Eg var eigentleg ikkje så begeistra, men ungane syns det var gøy, så då gjorde vi det. Så det er jo mykje som går an om ein tør å utfordre seg sjølv.

Ho seier fleire burde prøve sjølvutløysar for å få fram den rette stemninga.

– Set kamera på sjølvutløysar og gjer det til ei artig stund i lag, seier fotografen.

Jente på kjelke i fotostudio

Sunniva er klar for fotografering til julekortmotiv.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL