Hopp til innhold

Får eige galleri i dag

Nordmørskunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik får i dag sitt eige galleri ved Angvik Gamle handelssted i Gjemnes. Bilethoggaren er nasjonalt kjent for skulpturane sine.

Video Skjølsvik-galleri opna i Angvika

Tore Bjørn Skjølsvik er ein av landets mest velrenomerte skulptørar. Sjå video.

Mange byar og bygder i Noreg har kunstverk som Skjølsvik har laga. «Klippfiskkjerringa» i Kristiansund er eit av dei. I Ålesund står «Sildekona» og statuen av John Arne Riise. Denne statuen har fått namnet «Fotballspilleren».

Tore Bjørn Skjølsvik

Tore Bjørn Skjølsvik ved skulpturen av den tissande guten utanfor inngangen til galleriet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dette er ein stor dag for meg. Det kostar mykje pengar. Dette er ei stor gåve til Angvik og det er ei stor gåve til meg, seier Tore Bjørn Skjølsvik.

Skulpturar og måleri

76 av kunstverka til Tore Bjørn Skjølsvik er samla i galleriet i Angvika. Her står gipsoriginalar og avstøypngar av fleire av dei mest kjende skulpturane, og her er 30 oljemåleri.

Galleri Tore Bjørn Skjølsvik

Alt blir gjort klart til opninga av galleriet onsdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det som blir vist her er eit snitt av det eg har gjort som kunstnar, seier Skjølsvik.

Set kunstnaren svært høgt

Kjøpmann og investor Stig O. Jakobsen, som saman med kona Eli har satsa mykje for å få til dette galleriet, set stor pris på kunstnaren.

Stig O. Jacobsen

Stig O. Jacobsen har satsa mykje på å få i stand galleriet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er ikkje tvil om at Tore Bjørn Skjølsvik er ein av dei største bilethoggarane våre. Han er kjend for å halde fast ved det tradisjonelle. Dette er kunst vi forstår, seier Stig O. Jacobsen.

Galleri der Skjølsvik har røtene sine

Biletkunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik har røtene sine i Angvika. Og det var svært viktig å få lagt dett galleriet nettop dit.

– Vi tykkjer det er stort å få fortelje ei historie frå Angvik-bygda. Dette er med på å forsterke vår innsats rundt bygginga av identitet og historie rundt Angvik gamle handelssted, seier Stig O. Jacobsen.