Hopp til innhold

Auksjonerer vekk halvnakne studentar

Voldastudent Lise Marit Syftestad tek i bruk videofilmar av halvnakne medstudentar og eggjande popmusikk for å skaffe pengar til fattige i Afrika.

Slikker golfballer for å få penger til brønn

Fem studentar ved Høgskulen i Volda har blitt med på ein utradisjonell måte å hjelpe ein landsby i Malawi.

Foto: Frå filmen Menn for Malawi

– Kjekke gutar i bar overkropp appellerer til mange jenter i alle fall. Eg synest dette er ein fin måte å gjere det på, seier Syftestad.

Skritt

Slike scener skal skape merksemd for å skaffe pengar til vatn. Foto: frå filmen Menn For Malawi.

Poserer villig vekk

Voldastudenten Lise Marit Syftestad auksjonerer vekk medstudentane sine, til inntekt for eit veldedighetsprosjekt, som ho sjølv har starta.

På nettstaden YouTube har ho lagt ut filmar av medstudentar som viser fram tatoveringar, magar og overarmar. Dei blunkar og flørtar, og poserer villig vekk.

– Det er jo litt på kanten, men pengane går til ei god sak, så eg syns det er greitt å vere med på, ler osloguten Sturla Aslaksen.

Han og fire andre har stilt kroppane sine til disposisjon, og seier dei har fått gode tilbakemeldingar på filmen.

Menn for Malawi

Éin av studentane som stiller opp halvnaken for å skaffe vatn til folk i landsbyen Chickwawe i Malawi.

Foto: Frå filmen Menn for Malawi

Middag på auksjon

Fredag kan studentane i Volda by på mennene på studenthuset Rokken. Det vil seie – på middag med den mannen dei byr på.

Her kan du sjå videoen som er ein smakebit på auksjonen

Det er veldig kjekt å ha gode vener som stiller opp, seier Syftestad om mennene som skal aksjonerast vekk.

Lise Marit Syftestad

Lise Marit Syftestad (20) frå Kviteseid i Telemark saman med ein gut i landsbyen Chickwawe i april 2012.

Foto: Malawifriends
Vil at folk skal reagere

Til songen Sexual Healing av Marvin Gaye, viser YouTube-filmen nærbilete av bukseskritt, våte overkroppar og gutar som kler av seg, knar og kyssar på golfballar.

Lise Marit Syftestad skjøner at folk kan reagere på den uvanlege måten å få inn pengar på, men synest det berre er bra at folk engasjerer seg, for då vil prosjektet få meir merksemd. På denne måten kan ho nå ut til hovudmålgruppa, som er studentar.

Draumar om ein brønn

20-åringen driv sin eigen organisasjon som heiter Malawifriends, som ho starta opp i 2012. No arrangerer ho sin første innsamlingsaksjon, der billettinntektene uavkorta går til å lage ein brønn i landsbyen Chickwawe i Malawi.

– I dag må kvinnene gå nesten ei mil for å få tak i vatn, som ikkje er reint heller. Denne brønnen vil sikre helse og liv for åtte familiar, seier Syftestad.

Vil nå nye grupper

Syftestad er frå Telemark, men studerer no samfunnsvitskap ved Høgskulen i Volda. Ho håper at dette arrangementet kan engasjere ei målgruppe som kanskje ikkje har det beste ryktet i veldedighetssamanheng.

– Ungdom og studentar blir ofte kritisert for å ikkje vere samfunnsengasjerte, men eg trur eg er eit eksempel på at det ikkje er sant, og eg prøver å inspirere andre, seier Syftestad.

«Teaser» med video

Det tok berre to dagar frå ideen om auksjon av medstudentane kom på bordet, til det blei lagt ut ein video som smakebit.

– Det var eit spanande oppdrag, som eg hadde veldig lyst til å gjere. Det er ei morosam vinkling på eit innsamlingsprosjekt, seier medstudent Guro Solli Hansebakken, som har laga videoen.

Landsbyen i Malawi

Billettinntektene frå innsamlingsauksjonen går til å bore etter vatn i landsbyen Chickwawe.

Foto: Malawi Friends

Dei håper at det i tillegg til studentar kjem nokre lokale kvinner som vil opne lommeboka for eit godt formål.

– Eg skal sjølv vere med å by på den første karen i videoen. Eg er villig til å kjempe for å få ein middag med han, seier filmskaparen med eit smil.

Show og auksjon

I tillegg til auksjonen blir det konsert med Phil T. Rich, som blei kåra til Årets Urørt, danseshow av Juice Crew frå Norske Talenter, og DJ.

– Det er viktig at folk har det kjekt, men at dei i tillegg veit kva hundrelappen i inngangsbillett går til, avsluttar Syftestad.

– Dei tek det lenger enn vi gjer

Kommunikasjons- og marknadsdirektør i Røde Kors i Norge, Øistein Mjærum, seier at studentane nok tek det litt lenger enn det Røde Kors er vande med.

– Av og til blir det teke i bruk utradisjonelle metodar for å setje søkjelys på ei sak. Desse gutane tek det nok litt lenger enn vi vanlegvis gjer. Det blir spanande å sjå kor mykje dei samlar inn på denne aksjonen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL